Spørsmålet om klage over bortlagt straffesak må setjast fram skriftleg

Høgsteretts orskurd 23.8.2007, HR-2007-01473-A, (sak nr. 2007/527), straffesak, anke
Straffeprosesslova § 59a
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Bjørn Enoksen Ristesund) mot A (advokat Gunnar K. Hagen)

Rt-2007-1169

Dommarane: Gussgard, Oftedal Broch, Indreberg, Tønder, Gjølstad

Hovudspørsmålet i saka var om ei klage etter straffeprosesslova § 59a over at påtalemakta har lagt bort ei straffesak, må setjast fram skriftleg.

 

B hadde meldt eit grovt tjuveri av lydutstyr og kravd gjerningsmannen tiltalt og straffa. Saka blei lagd bort 20. mai 2005 av bevisgrunnar. Den 8. juni 2005 kontakta B den påtaleansvarlege ved politikammeret over telefon. Om han då sette fram klage på vedtaket, var eit bevistema i saka. Etter utløpet av klagefristen i § 59a sende han ei skriftleg klage. Påtalemakta gjorde så om vedtaket om bortlegging og skreiv ut førelegg mot A for brot på straffelova § 393. A vedtok ikkje førelegget, og saka blei send til tingretten, som avsa fellande dom.

 

Lagmannsretten oppheva dommen og avviste saka, blant anna under tilvising til at ei klage må setjast fram skriftleg innan utløpet av klagefristen.

 

Høgsterett kom til at klageregelen i § 59a ikkje krev at ei klage blir sett fram skriftleg, men uttalte at det må stillast strenge krav til at det verkeleg er sett fram ei klage innan fristen. Retten fann det uklart om B hadde sett fram ei klage i telefonsamtalen 8. juni 2005. Uklarleiken måtte komme den domfelte til gode, og anken blei dermed forkasta.

 

Les heile avgjerda

 

Til toppen