Straffutmålinga for fleire tilfelle av seksuell omgang med ei seks år gammal dotter

Høgsteretts dom 23.8.2007, HR-2007-01477-A, (sak nr. 2007/540), straffesak, anke
Straffelova § 200
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Rt-2007-1190

Dommarane: Indreberg, Tønder, Gussgard, Oftedal Broch, Gjølstad

Saka gjaldt straffutmålinga for fleire tilfelle av seksuell omgang med ei seks år gammal dotter.

 

Den domfelte var kjend skuldig i seksuell omgang med dotter si ved at han fleire gonger i løpet av ein kort periode hadde late henne masturbere han mens dei bada saman. Han hadde tidlegare late henne røre og leike med penisen hans i samband med bading.

 

Høgsterett la ikkje nemnande vekt på at den domfelte hadde halde seg passiv i den forstand at det var dottera som leikte med penisen hans og etter kvart masturberte han. Då den seksualiserte leiken tok til, skulle han ha sytt for at det tok slutt, og han skulle ha hindra at det skjedde igjen.

 

Forsvararen stilte spørsmål ved om farens passive deltaking i denne leiken – før aktiviteten fekk ein slik intensitet at det dreidde seg om seksuell omgang – var å ”foretar seksuell handling”,  jf. straffelova § 200, slik lagmannsretten hadde gitt uttrykk for. Høgsterett fann det ikkje nødvendig å ta stilling til dette. Høgsterett peikte likevel på at det er eit spørsmål om ikkje det å kle seg naken og bade saman med barnet etter at barnet tidlegare i same situasjon har teke på og leikt med penisen hans, måtte reknast som tilstrekkeleg initiativ frå den vaksne si side til at han kunne seiast å ha utført ei seksuell handling.

 

Under tilvising til straffnivået i nyare rettspraksis sette Høgsterett straffa ned frå fengsel i 1 år og 9 månader til fengsel i 1 år og 6 månader.

 

Les avgjørelsen i sin helhet

 

Til toppen