Forelding av kjøparens erstatningskrav

Høgsteretts dom 13.9.2007, HR-2007-01576-A, (sak nr. 2006/1968), sivil sak, anke
Nordic Last og Buss AS (advokat Trond Skogly) mot If Skadeforsikring NUF og AS TIRB (advokat Gustav Johan Selmer)

Rt-2007-1236

Dommarane: Flock, Indreberg, Tønder, Oftedal Broch, Gussgard

Ein buss blei på grunn av ein skjult mangel brannskadd mens han stod på verkstaden hos seljaren. Hovudspørsmålet i saka var om foreldingsfristen for kjøparen sitt erstatningskrav starta på leveringstidspunktet eller då brannen oppstod.

Sommaren 2001 kjøpte AS TIRB for levering i juli ein ny Volvo-buss hos Nordic Last og Buss AS. Under eit opphald på verkstad hos seljaren i mars 2002 oppstod det brann i bussen på grunn av varmeutvikling i straumtilførselen til ei defekt varmevifte.

Forsikringsselskapet for bussen, If Skadeforsikring NUF, gjennomførte skadeoppgjer overfor AS TIRB og gjekk til søksmål 10. mars 2005 og kravde regress for utlegga sine. Tingretten kom til at kravet var forelda. If Skadeforsikring NUF og AS TIRB anka til Hålogaland lagmannsrett, som påla seljaren å betale erstatning.

Nordic anka dommen til Høgsterett, som kom til at foreldingsfristen for erstatningskravet byrja å gå allereie ved leveringa sommaren 2001. Dette måtte gjelde sjølv om mangelen då var skjult og kjøparen dermed ikkje var klar over at han hadde eit mishaldskrav mot Nordic. Det blei vist til dommen i Rt. 2006 side 1705. Forsikringsselskapet og kjøparen gjorde subsidiært gjeldande at starttidspunktet for foreldingsfristen var endra ved at seljaren hadde vedgått ansvar og prøvd å utbetre feilen. Dette førte ikkje fram.

I tillegg til kravet om erstatning på grunn av mangelfull levering hadde forsikringsselskapet og kjøparen for alle rettar også hevda at seljaren hadde eit erstatningsansvar for brannskadane fordi det var vist aktløyse under to verkstadsopphald. Høgsterett kom til liks med dei tidlegare instansane til at seljaren eller hans tilsette ikkje hadde vist aktløyse.

Les heile avgjerda

Les h

Til toppen