Straffutmåling for to drap

Høgsteretts dom 20.9.2007, HR-2007-01590-A, (sak nr. 2007/960), straffesak, anke
Straffelova § 233
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Terje Nybøe) mot A (advokat John Christian Elden)

Rt-2007-1253

Dommarane: Flock, Bruzelius, Indreberg, Tønder, Gussgard

Etter ein krangel om eit trivielt tema skaut A frå nært hald to skot mot den vaksne dottera til sambuaren sin. Han brukte ein ladd revolver som han hadde liggjande. Sambuaren hans kom til staden rett etter at skota var avfyrte, og han skaut også sambuaren på same måten. Begge døydde momentant. Dei rettspsykiatrisk sakkyndige konkluderte med at skota blei avfyrte i sterk affekt. A var alkoholpåverka, men hadde ikkje nedsett medvit.

I tingretten blei A dømd til ei straff av fengsel i 18 år. Etter anke fastsette Borgarting lagmannsrett straffa til fengsel i 16 år. Påtalemakta anka over straffutmålinga, mens A erklærte motanke.

Høgsterett uttalte at det – bortsett frå tilståinga frå den domfelte – verken var formildande eller skjerpande omstende i saka som kunne påverke straffutmålinga. Dersom den domfelte berre hadde teke livet av éin av dei omkomne, ville straffa blitt sett til omkring 10 års fengsel. Begge drapa skjedde utan opphald, med få sekunds mellomrom og utan at den domfelte fekk roa seg. Straffa i eit slikt tilfelle burde som utgangspunkt liggje på eit nivå rundt 16 års fengsel.

A varsla politiet kort tid etter at drapa hadde skjedd. Tilståinga førte til at det med ein gong blei klarlagt kven som var gjerningsmannen, og pårørande og andre blei sparte for den påkjenninga som uvisse omkring uoppklara drap lett vil skape. Straffa blei etter dette sett til fengsel i 15 år. Ved straffutmålinga blei det ikkje teke omsyn til at den domfelte var 64 ½ år då dei straffbare handlingane skjedde.

Les heile avgjerda

Til toppen