Anke over odelstakst

Høgsteretts dom 20.9.2007, HR-2007-01597-A, (sak nr. 2007/158), sivil sak, anke
Odelslova § 49 første ledd
Pinsevennenes Evangeliesenter (advokat Erik Johnsrud) mot Arvid Eraker og Solveig Eraker Svidal (advokat Thomas Hjermann)

Rt-2007-1257

Dommarane: Utgård, Tjomsland, Oftedal Broch, Endresen, Lund

Saka gjaldt anke over rettsbruken i overskjønn til verdsetjing av eigedom ved odelsløysing, jf. odelslova § 49 første ledd.

Den aktuelle eigedommen ligg i Eraker, vel 40 km frå Lærdalsøyri. Fulldyrka mark var opplyst å vere 55 dekar og overflatedyrka mark 15 dekar. I tillegg er det eit skogareal på vel 1200 dekar, hovudsakleg lauvskog. Til eigedommen ligg det vidare 65 prosent eigardel i eit sameige i fjellet med oppgitt areal 37 500 dekar. Det var opplyst at det ikkje hadde vore nokon aktivitet på bruket som hadde utløyst offentlege tilskot dei 10 siste åra. –  På eigedommen var det dårlege hus. Lagmannsretten hadde – som tingretten – lagt til grunn at driftsbygningen er i så dårleg stand at den må rivast.

Til eigedommen ligg det årlege vederlag etter vassdragsreguleringar, som i 2005 var på 75 690 kroner. Samla inntekter frå utmarka var på i overkant av 110 000 kroner. I tillegg har bortleige av jordarealet gitt inntekter. I 2005 var jordleiga på 8 300 kroner.

Det er bu- og driveplikt for ein overtakar av eigedommen. Høgsterett la til grunn at dette ikkje tilsa noka bestemt løysing med omsyn til driftsform. Ein kjøpar måtte også kunne  oppfylle driveplikta ved bortleige av jorda eller eventuelt ved dyrking av fôr til sal ved hjelp av leigd utstyr.

Tingretten hadde ved verdsetjinga lagt til grunn at tida for eigedommen som tradisjonelt drive gardsbruk med dyrehald er ute. Taksten vart sett til 2 100 000 kroner ut frå grasproduksjon på innmarka.

Lagmannsretten sette verdien av eigedommen til 1 400 000 kroner. I premissane var det lagt til grunn at bruket ligg til rette for drift med husdyr. Det vart lagt til grunn at det då vil vere nødvendig å investere i ny driftsbygning.

Høgsterett oppheva avgjerda grunna feil rettsbruk. Lagmannsretten uttala at bruket vil ”ligge til rette for husdyrbruk og grasproduksjon” og at det var sau ”det vil være mest aktuelt” å drive med. Det var derimot ikkje uttala at dette er ei driftsform som – omsyn teke til investeringane – vil vere lønsam, og det var heller ikkje sagt at denne drifta i tilfelle ville vere meir lønsam enn til dømes utleige av jorda. Det måtte leggjast til grunn at ein vanleg kjøpar vil handle økonomisk rasjonelt, og at han må sjå på ønsket om ei ulønsam drifsform som å vere på eigen kostnad. Dette måtte også gjelde i eit tilfelle med store inntekter frå utmarksareala. – Den samla inntektssituasjonen underbygde at inntektene frå utmarka kan ha vore nytta til å sjå bort frå kravet til lønsemd når det gjaldt sauehald.

Lagmannsrettens overskjønn vart etter dette oppheva og saka heimvist til lagmannsretten for vidare behandling.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen