Anke over overskjønn

Høgsteretts dom 26.9.2007, HR-2007-01647-A, (sak nr. 2007/480), sivil sak, anke
Tron Skovli (advokat Søren L. Lous) mot staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokat v/advokat Christian H.P. Reusch)

Rt-2007-1354

Dommarane: Endresen, Gussgard, Matningsdal, Rieber-Mohn, Skoghøy

Saka blei avgjord på grunnlag av skriftleg behandling.

Det aktuelle jordbruksarealet hadde vore leigd ut til ein tredjemann for plenproduksjon. Hovudtvistepunktet for overskjønnet var om det kunne leggjast til grunn at grunneigaren ville ha starta plenproduksjon for eiga rekning og risiko, eller om det var tradisjonell jordbruksverksemd, som var det påreknelege alternativet.

Lagmannsretten fastsette erstatninga basert på bringebærdyrking, som var rekna for å gi særleg god inntening. Partane hadde ikkje uttalt seg om dette alternativet, og overskjønnet blei oppheva som følgje av brot på forhandlingsprinsippet / manglande kontradiksjon.

Det var også gjort grunnleggjande feil ved gjennomføring av verdsetjinga. Kostnadssida var utelaten, og den kapitaliseringa lagmannsretten meinte var riktig, var faktisk ikkje gjennomført. Overskjønnet blei oppheva også på dette grunnlag.

Overskjønnet blei også anka på grunnlag av at det var nytta ei neddiskonteringsrente på 10 %. Høgsterett viste til at den normale framgangsmåten vil vere å balansere framtidsvoner og risikoar ved fastsetjing av ei framtidig normalinntening. Det kunne ikkje utelukkast at det etter omstenda kunne vere føremålstenleg i staden å ta omsyn til risiko ved fastsetjing av kapitaliseringsrenta. Det måtte eventuelt gjerast greie for metodevalet på ein slik måte at dette kunne overprøvast.

Les heile avgjerda

Til toppen