Påkøyrsle med bil av annan bil i fart

Høgsteretts dom 5.10.2007, HR-2007-01705-A, (sak nr. 2007/1031), straffesak, anke
Straffelova § 291 første ledd, jf. andre ledd og vegtrafikklova § 31, jf. § 3
Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Harald Strand) mot A (advokat Gunnar K. Hagen)

Rt-2007-1384

Dommarane: Utgård, Skoghøy, Lund, Gussgard, Schei

Saka gjaldt straffutmåling og fastsetjing av tid for tap av førarrett etter domfelling for forsettleg påkøyrsle med bil av annan bil i fart, jf. straffelova § 291 første ledd, jf. andre ledd og vegtrafikklova § 31 jf. § 3.

As køyrde gjennom Svartdalstunnelen i Oslo i ein liten bil – ein Volkswagen Vento personbil. Han køyrde svært sakte. Føraren av bilen bak – ein stor personbil av merket Mitsubishi Pajero – køyrde nær opp til Ventoen og blinka med langlysa. Då bilane var komne inn i sørgåande Ekebergtunnelen, som har to køyrebaner, køyrde Pajeroen forbi. Denne bilen vart liggjande i høgre køyrefelt i ei fart av 60–70 km i timen. As la seg i venstre køyrefelt, køyrde opp på sida av den andre bilen, sakna farta og køyrde rett inn i sida på den. Ventoen snurra rundt og gjekk i tunnelveggen på venstre side og deretter på høgre side. Påkøyrsla kom svært overraskande på føraren av Pajeroen, men den relativt store bilen kom ikkje ut av kontroll. Pajeroen vart påført skade for 34 718 kroner medan Ventoen vart totalskadd.

Høgsterett viste til at påkøyringa skjedde forsettleg, med sikte på å valde skade, og at det også er eit særleg skadepotensiale ved påkøyrsle i ein tunnel. As hadde sett eige og andre sine liv i fare, og det var tilfeldig at handlinga ikkje førte til langt større skader.

Begge dei tidlegare rettane hadde gitt vilkårsdom – tingretten på 90 dagar og lagmannsretten på 45 dagars fengsel. Dette var grunngitt med den tida som hadde gått frå handlinga til domfellinga. Påkøyrsla fann stad 24. januar 2005, og etterforskinga var ferdig 6. januar 2006. Det skjedde så i realiteten ikkje noko i ein periode på rundt 10 månader, fram til tiltalevedtak 1. november 2006. Høgsterett kom til at dette ikkje var nok til at det heilt ut kunne nyttast fengsel på vilkår i ei så alvorleg sak. Straffa vart etter dette sett til fengsel i 60 dagar, og av dette halvparten på vilkår.

Tapsperioden for retten til å føre motorvogn vart sett til 15 månader. Hovudgrunnlaget for fastsetjinga av tida var den trafikkfarlege handlemåten, jf. forskrift om tap av retten til å føre motorvogn mv. § 2-5. Det vart vist til at politiet hadde levert tilbake førarkortet 16. februar 2006, utan å be om at beslaget vart prøvd av retten, jf. same forskrift § 8-3 sjette ledd.

Les heile avgjerda

Til toppen