Gyldigheita av Finansdepartementets vedtak i ei meirverdiavgiftssak

Høgsteretts dom 10.10.2007, HR-2007-01732-A, (sak nr. 2007/2), sivil sak, anke
Meirverdiavgiftslova § 65a
Norsk Helikopter AS (advokat Ivan Skjæveland) mot staten v/Skattedirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Therese Steen)

Rt-2007-1401

Dommarane: Skoghøy, Lund, Gussgard, Utgård, Schei

Norsk Helikopter AS hadde i 2002 leigd inn pilotar og teknikarar frå tre britiske selskap. Spørsmålet var om utleige av arbeidskraft skal reknast som ei teneste som kan fjernleverast, slik at det var tenestemottakaren – Norsk Helikopter AS – som skulle kalkulere og betale meirverdiavgifta, sjå forskrift av 15. juni 2001 om meirverdiavgift (forskrift nr. 121 til meirverdiavgiftslova), som er gitt med heimel i meirverdiavgiftslova § 65a.

På grunnlag av bokettersyn i 2003 gjorde Rogaland fylkesskattekontor i 2004 vedtak om etterutrekning av meirverdiavgift for leige av pilotar og teknikarar frå Storbritannia. Fylkesskattekontoret la til grunn av utleige av arbeidskraft må reknast som ei teneste som kan fjernleverast. Norsk Helikopter AS klaga vedtaket til Klagenemnda for meirverdiavgift, som tok omsyn til klaga. Etter oppmoding frå Skattedirektoratet gjorde Finansdepartementet om vedtaket i klagenemnda ved vedtak 24. oktober 2005. Saka for Høgsterett gjaldt om dette omgjeringsvedtaket var gyldig.

Til liks med tingretten og lagmannsretten kom Høgsterett til at arbeidskraftutleige i samsvar med forskrift nr. 121 må reknast som ei teneste som kan fjernleverast. I kva grad ei teneste kan fjernleverast, må vurderast ut frå arten av tenesta, og ikkje ut frå kva som er avtalt for den aktuelle tenesta. Den skyldnaden utleigaren har etter ein avtale om utleige av arbeidskraft, blir oppfylt ved at arbeidskrafta blir stilt til disposisjon. Gjennomføring av avtalen krev ikkje noka fysisk arbeidsutføring. Om ikkje anna er avtalt, kan tenestemottakaren nytte arbeidskrafta der han ønskjer.

Ved tolkinga av forskrifta la Høgsterett blant anna vekt på at ho bygde på prinsipp som blir lagde til grunn internasjonalt. Etter rådsdirektiv 2006/112/EF av 28. november 2006 om det felles meirverdiavgiftssystemet artikkel 196, jf. artikkel 56 nr. 1 bokstav f er det tenestemottakaren som er meirverdiavgiftspliktig ved utleige av arbeidskraft.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen