Ulovleg fråvær frå militær førstegongsteneste

Høgsteretts orskurd 17.10.2007, HR-2007-01776-A, (sak nr. 2007/909), straffesak, anke
Militær straffelov § 34
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (generaladvokat Arne Willy Dahl)

Rt-2007-1468

Dommarane: Skoghøy, Utgård, Indreberg, Tønder, Coward

Saka gjaldt straffutmåling for ulovleg fråvær frå påbyrja militær førstegongsteneste. Spørsmålet var om den omlegginga av reaksjonspraksisen etter manglande frammøte til førstegongsteneste som skjedde ved Høgsteretts avgjerder i Rt. 2006 side 710 og 2006 side 1699, skal overførast til ulovleg fråvær frå påbyrja teneste.

Den domfelte gjorde i 2005–2006 teneste som vaktsoldat ved Fellesoperativt hovudkvarter på Jåttå. Vaktordninga var ordna i turnus med ei veke på vakt og ei veke fri. Han var dømd for 36 dagars ulovleg tenestefråvær. Av desse 36 dagane skulle han ha hatt fri 22 dagar. Han var i tingretten dømd til fengsel i 24 dagar utan vilkår. Etter anke frå den domfelte reduserte lagmannsretten straffa til fengsel i 14 dagar utan vilkår. Den domfelte anka til Høgsterett over straffutmålinga, men anken blei samrøystes forkasta.

Under tilvising til at Forsvaret i dag søkjer å rekruttere dei som er best kvalifiserte og motiverte til å gjere militærteneste, og at det også etter utveljinga av rekruttar blir lagt stor vekt på å motivere dei utvalde, meinte Høgsterett at det ikkje er det same behovet som tidlegare for å reagere med fengselsstraff utan vilkår for ulovleg tenestefråvær. Det blei også vist til at det i løpet av dei siste ti åra har vore ein kraftig nedgang i talet på straffesaker for ulovleg tenestefråvær. På denne bakgrunnen meinte Høgsterett at dersom det ikkje er tale om lengre tids tenestefråvær, bør det vanlegvis vere tilstrekkeleg å bruke disiplinærreaksjonar. Dersom det blir reist straffesak, bør det normalt vere ein føresetnad at det dreiar seg om tenestefråvær i over tre veker (21 dagar).

Høgsterett fann at sjølv om den domfelte skulle ha hatt fri 22 av dei 36 dagane han hadde vore borte, måtte tenestefråværet i denne saka reknast som 36 dagar. Høgsterett viste her til Forsvarets permisjonsdirektiv og understreka at det er ein føresetnad for krav på fridagar at ein har tent opp desse. Ved straffutmålinga måtte det likevel takast omsyn til at den domfelte skulle hatt fri 22 dagar av fråværsperioden. Høgsterett fann derfor ikkje grunn til å gi ei strengare straff enn 14 dagars fengsel utan vilkår, trass i at tenestefråværet i denne saka i høg grad oversteig normalgrensa for fengsel utan vilkår.

Les heile avgjerda

Til toppen