Polititenestemenns maktbruk i samband med pågriping

Høgsteretts orskurd 24.10.2007, HR-2007-01793-A, (sak nr. 2007/1073), straffesak, anke
Straffelova § 228 jf. § 48
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (sjef for Spesialenheten for politisaker Jan Egil Presthus)

Rt-2007-1473

Dommarane: Stabel, Gussgard, Rieber-Mohn, Endresen, Lund

Spørsmål om slag mot bakhovudet mens den fornærma låg på bakken var lovleg nødverje etter straffelova § 228 jf. § 48.

Politibetjent A skulle gripe ein narkotikarusa, paranoid mann som oppførte seg ukontrollert i det sentrale X. Mannen hadde blant anna kasta ein stein inn gjennom vindauget på ein bil som køyrde forbi. Han sette seg kraftig til motverje. A fekk etter kvart lagt han ned i ei blomsterkasse på bakkenivået, og seinare ned på bakken, med hjelp frå ein politihøgskolestudent som hadde komme til. To andre politibetjentar var på veg. A og politihøgskolestudenten makta framleis ikkje å kontrollere mannen, og før dei to andre betjentane var komne, slo A han i bakhovudet først ein gong, og så ein gong til, for å få sett beinlås på han. A blei både i tingretten og i lagmannsretten dømd til ei bot på 5 000 kroner, i lagmannsretten under dissens.

Lagmannsretten vurderte spørsmålet etter straffelova § 48 andre ledd. Med utgangspunkt i politilova § 6 uttalte fleirtalet at slag – og spark – generelt ligg utanfor det polititenestemenn kan nytte ved pågriping. Ut frå Høgsteretts avgjerd 23. august 2007 i sak HR-2007-01474-A kom Høgsterett til at lagmannsretten hadde brukt feil rettsleg utgangspunkt. Slike situasjonar skal vurderast etter straffelova § 48 tredje ledd. Politiet må ha nokså romsleg ramme når slike handlingar skal vurderast i ettertid. I visse heilt spesielle situasjonar må også slag og spark kunne aksepterast. Det avgjerande er kravet om forholdsmessig maktbruk og prinsippet om bruk av minst inngripande verkemiddel.

I den konkrete saka måtte særleg spørsmålet om kva for alternativ som fanst, og især tidsmomentet, stå sentralt. Dersom hjelp frå dei andre tenestemennene kunne ventast innan så kort tid at han ville makte å halde den fornærma under kontroll til hjelpa kom, var det klart at handlinga ville liggje utanfor det lovlege. Då lagmannsrettens domsgrunnar ikkje var tilstrekkelege til å vurdere dette, blei dommen oppheva.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen