Promillekøyring – straffutmåling og tidslengd på førerettstap

Høgsteretts dom 8.11.2007, HR-2007-01867-A, (sak nr. 2007/1298), straffesak, anke
Vegtrafikklova §§ 31 og 33, tapsforskrifta § 1-4
A (advokat Erik Keiserud) mot Den offentelge påtalemakta (statsadvokat Petter Sødal)

Rt-2007-1563

Dommarane: Coward, Matningsdal, Øie, Tønder, Gussgard

A var funnen skuldig i bilkøyring med ein promille på 1,24. Skjerpande omstende var at han køyrde med ei kraftig trekkvogn og var i affekt. På den andre sida køyrde han berre eit par hundre meter, og området var stengt for trafikk, sjølv om det kunne vere fotgjengarar der.

I tingretten blei A dømd til fengsel i 30 dagar utan vilkår, i tillegg til ei bot og tap av førarretten i eitt år, det siste under dissens frå fagdommaren, som røysta for tap av førarretten i to år. Lagmannsretten endra ikkje fengselsstraffa, men utvida perioden for tap av førarretten til to år.

As anke til Høgsterett førte fram. Under dissens 3–2 gjorde Høgsterett om fengselsstraffa til ein vilkårsdom og sette ned tidslengda på førarrettstapet til eitt år og seks månader. Retten grunngav denne reduksjonen med at A hadde hatt rådvelde over førarkortet i omtrent ti månader etter promillekøyringa, sjå tapsforskrifta § 1-4.  Fleirtalet la til grunn at reduksjon under den minstetida for førarrettstap som er sett i forskrifta, ikkje er avhengig av at også vilkåra etter vegtrafikklova § 33 nr. 1 sjette ledd er oppfylte. Mindretalet – Matningsdal og Øie – var usamde i denne tolkinga og meinte at tapstida på to år ikkje skulle reduserast. Mindretalet stemte elles for at fengselsstraffa skulle vere utan vilkår, men setjast ned til 21 dagar.

Les avgjørelsen i sin helhet

 

Til toppen