Lekamskrenking, lekamsskading og trafikkforgåingar. Fastsetjing av oppreising

Høgsteretts dom 24.05.2007, HR-2007-00944-A, (sak nr. 2007/66), straffesak, anke
Straffelova § 229, jf. § 232 m.v.
A (advokat Bjørn Trygve Nilsen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Arnfinn Hval) og B (advokat Erik Keiserud)

Rt-2007-843

Dommarane: Utgård, Stabel, Falkanger, Endresen, Tjomsland

Hovudspørsmålet i saka gjaldt utmåling av straff etter lekamskrenking og lekamsskading og etter uforsvarleg køyring med bil. I tillegg var det spørsmål om utmåling av oppreising til offer for lekamskrenkinga.

 

Det var tale om handlingar ved tre ulike høve. Den første fann stad om natta under ein fest i den dømde, A, si leilegheit. Ein festdeltakar ”yppa” til bråk med A, som då slo til vedkomande med ei flaske. Festdeltakaren vart gjennom fleire slag påført kutt både i panne, kinn og hake. A vart for dette funnen skuldig i brot på straffelova § 229, jf. § 232.

 

Den andre handlinga skjedde også ei natt under ein privat fest. B som var slått ned av ein annan festdeltakar enn den dømde, låg heilt stille, medvitslaus eller i alle fall heilt urørleg, på golvet. A kom til og trampa eller stampa éin gong hardt på magen til B. Det viste seg at ”hovudgangen” til bukspyrtkjertelen då vart riven av, noko som gjorde det nødvendig å fjerne halve kjertelen. Som ein følgje av dette måtte også milten fjernast. Tingretten hadde kome til at det ikkje låg føre sannsynlegforsett for skadefølgje, jf. straffelova § 43, og handlinga gjekk då ikkje inn under straffelova § 229. Det vart derimot lagt til grunn at handlinga vart ramma av straffelova § 228 om lekamskrenking, og at det var påført stor smerte slik at andre ledd første straffalternativ kom til bruk.

 

Den tredje handlinga vart omtala som villmannskøyring. Dette skjedde i alkoholpåverka tilstand.

 

Høgsterett sette straffa til fengsel i 9 månader ut frå ei samla vurdering. Det vart vist til at det ikkje kunne leggjast vekt på skadefølgjen – betydleg skade – ved trakket på magen til B når A ikkje var domfelt for dette, jf. Rt. 2007 side 37. Det kunne derimot leggjast vekt på farepotensialet ved ei slik handling. Det hadde ei viss vekt at A etter å ha vorte diagnostisert med og fått medisinar mot ADHD-lidinga, hadde kome i fast arbeid og også fått orden på privatlivet.

 

Dei tidlegare rettane hadde utmålt oppreising for ikkje-økonomisk skade til B til 70 000 kroner. Høgsterett viste til at skuldkravet i skadebotlova § 3-5 går på sjølve handlinga. Skadefølgja er etter denne regelen omfatta der ho er pårekneleg, og det var situasjonen her. Ved utmålinga kom det inn at fjerninga av milten inneber ei varig svekking av immunforsvaret, med sjanse for alvorlege konsekvensar seinare. På dette punktet vart den dømde sin anke etter dette forkasta.

 

Les heile avgjerda

Til toppen