Meirverdiavgift. Etterrekning

Høgsteretts dom 24.05.2007, HR-2007-00945-A, (sak nr. 2006/1737), sivil sak, anke
Meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 8, jf. annet ledd bokstav a
Stabenfeldt AS (advokat Marianne Brockmann Bugge) mot staten v/Finansdepartementet (regjeringsadvokaten v/advokat Christian Lund)

Rt-2007-1055

Dommarane: Falkanger, Endresen, Utgård, Stabel, Tjomsland

Saka gjaldt bruk av avgiftsfritaksreglane for bøker i siste omsetningsledd, jf. meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 8, jf. andre ledd bokstav a og Finansdepartementets forskrift av 20. desember 1969 nr. 02 (nr. 19). Hovudspørsmålet gjaldt tolking av den nemnde forskrifta § 2 nr. 9.

 

Stabenfeldt AS driv bokklubbar som sel bøker til barn og ungdom. Nokre gonger i året sender selskapet ut bokpakkar til klubbmedlemmene. For at pakkane skal vere attraktive, inneheld dei ikkje berre bøker, men også forskjellige andre gjenstandar.

 

Etter meirverdiavgiftslova § 16 nr. 8 er sal av bøker i siste omsetningsledd friteke for meirverdiavgift. Forskrift av 20. desember 1969 nr. 02 (nr. 19) trekkjer opp nærmare grenser for fritaket. Forskrifta § 2 nr. 9 bestemmer at avgiftsfridommen ikkje gjeld for ”publikasjoner som sammen med vare av annet slag inngår som del av felles vareenhet”.

 

Stabenfeldt AS hevda at § 2 nr. 9 måtte forståast slik at han berre gjaldt i dei tilfella det var ein funksjonell samanheng mellom bøkene og dei andre gjenstandane i pakkane, mens staten meinte at det ikkje kunne leggjast noka slik avgrensing i føresegna.

 

Høgsterett kom til at det var rett å leggje statens forståing til grunn. Det blei lagt stor vekt på ordlyden i § 2 nr. 9 og effektivitetsomsyn. Verken omsyna bak det generelle bokfritaket i meirverdiavgiftslova § 16 nr. 8, forvaltningspraksisen eller reelle omsyn tilsa ei innskrenkande tolking.

 

Les heile avgjerda

 

Til toppen