Spørsmål om bruksverdierstatning for skog

Høgsteretts dom 01.02.2008, HR-2008-00225-A, (sak nr. 2007/758) sivil sak, anke
Vederlagslova § 6
Staten v/Forsvarsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Christian HP Reusch, rettslig medhjelper: advokat Steinar Mageli) mot Ola Dieset mfl. (advokat Ola Brekken)

Dommarane: Matningsdal, Endresen, Øie, Stang Lund, Lund

Forskjellige spørsmål om bruksverdierstatning for skog – blant anna val av kapitaliseringsrentesats.

Saka gjaldt anke over Eidsivating lagmannsretts overskjønn i samband med ekspropriasjon av nytt skyte- og øvingsfelt for Forsvaret på Gråfjellet i Åmot kommune. Eigedomsovertakinga omfattar 193 km2, men for størsteparten av det eksproprierte arealet skjer erstatningsoppgjeret ved makeskifte med skog som staten har kjøpt inn. For ca. 38 km2 skal det vere kontantoppgjer. Det er denne delen av eigedomsovertakinga overskjønnet omfattar.

Overskjønnet er fastsett under dissens, sidan skjønnsmennene på grunnlag av sin rettsbruk stemte for langt høgare erstatningar enn formannen i retten, førstelagmannen.

Det eine hovudspørsmålet var tolkinga av vederlagslova § 6 første ledd andre punktum, som blei føydd til i 1997. Skjønnsmennene hadde lagt til grunn at erstatninga for skog i hogstklasse IV og V ikkje skulle neddiskonterast uavhengig av om det var sannsynleg at grunneigarane ville ha hogge tømmeret i ekspropriasjonsåret. Dette var uriktig rettsbruk. Erstatninga måtte baserast på den sannsynlege utnyttingstakta frå grunneigarane si side.

Det andre hovudspørsmålet var val av kapitaliseringsrentesats. Høgsterett har i ei årrekkje teke utgangspunkt i ein kapitaliseringsrentesats på fem prosent, men lagt til grunn at særlege forhold ved den einskilde eigedommen kan gjere det nødvendig å fråvike denne kapitaliseringsprosenten. Skjønnsmennene hadde derimot under tilvising til dei generelle forholda i skogbruksnæringa brukt ein kapitaliseringsrentesats på fire prosent for skog i hogstklasse I, II og III. Dette var uriktig rettsbruk, og Høgsterett uttalte at det var fast høgsterettspraksis at det som hovudregel skulle brukast ein kapitaliseringsrentesats på fem prosent, og at det skulle ”mykje til” før skjønnsretten kunne bruke ein lågare rentesats enn normalrentesatsen på fem prosent.

Det tredje hovudspørsmålet var erstatning for bruk av vegar. Lagmannsretten, som førebels ikkje hadde fastsett noka erstatning, hadde samrøystes lagt til grunn at det kunne tilkjennast erstatning på grunnlag av eit ”obligasjonsrettsliknande” prinsipp. Dette var også uriktig rettsbruk. Ved vederlagslova av 1973 blei forhandlingsmaksimen oppheva. Retten kan dermed berre tilkjenne erstatning for bruk av vegane i den utstrekning dei har verdi utover bruken i skogsdrifta – f.eks. i form av innkrevjing av bompengar.

Lagmannsrettens overskjønn blei etter dette oppheva.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen