Påverknad av aktør i rettsvesenet

Høgsteretts orskurd 29.01.2008, HR-2008-00165-A, (sak nr. 2007/1621), straffesak, anke
Straffelova § 132a
A (advokat Arild Dyngeland) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Arild Oma)

Dommarane: Skoghøy, Coward, Flock, Tønder, Gussgard

Saka gjaldt domfelling for blant anna brot på straffelova § 132a første ledd bokstav a – påverknad av aktør i rettsvesenet. Spørsmålet for Høgsterett var om tiltalevedtaket inneheldt ei tilstrekkeleg presis framstilling av det straffbare forholdet.

A, fødd 27. oktober 1964, var i Bergen tingrett og Gulating lagmannsrett dømd for brot på straffelova § 266 første, jf. tredje ledd, straffelova § 132a første ledd bokstav a, straffelova § 227 første straffalternativ, straffelova § 219 første straffalternativ og lækjemiddellova § 31 andre ledd, jf. § 24 første ledd til ei straff av fengsel i eitt år og seks månader. Han anka til Høgsterett fordi han meinte at brotet på straffelova § 132a ikkje kunne reknast som eitt samanhengande straffbart forhold, og at det forholdet påtalemakta i tiltalevedtaket hadde subsumert under denne føresegna, ikkje var tilstrekkeleg konkretisert, jf. straffeprosesslova § 252 og Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6 nr. 3 bokstav a.

Grunnlaget for brotet på § 132a var i tiltalevedtaket framstilt slik:

”I tidsrommet fra desember 2002 til 15. september 2005, blant annet på felles bopel i Herlandsvegen 41 og Gamlevegen 30 i Bergen, har han ved gjentatte anledninger uttalt til B at han skulle drepe henne og barna, og brenne ned huset dersom hun gikk til politiet og han kom i fengsel på grunn av det hun forklarte. Han har videre uttalt at han ikke kom til å bry seg om at politiet la ned forbud mot å oppsøke B, dette fordi han kun trengte å komme seg til henne en gang for å få gjort det han skulle med henne, og at dersom han kom i fengsel ville han ta B når han kom ut igjen. Dette var utsagn egnet til å påvirke B til å unnlate å anmelde ham til politiet.”

Høgsterett viste til at dei truslane som danna grunnlaget for tiltalen for brot på § 132a, knytte seg til og var ein del av grunnlaget for tiltalen for brot på § 219 første straffalternativ. Under tilvising til at truslane var sette fram i den tidlegare felles bustaden til tiltalte og fornærma og var ein del av eit samanhengande valds- og trusselregime som måtte reknast som omfatta av eit vedvarande forsett, fann Høgsterett at brotet på § 132a måtte reknast som eit samanhengande brotsverk. Sidan truslane knytte seg til brot på § 219, som har karakter av eit samansett brotsverk (”kollektivbrotsverk”), og hadde vore ein meir eller mindre samanhengande trusseltilstand, fann Høgsterett at også gjerningsframstillinga var tilstrekkeleg spesifikk.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen