Promillekøyring i Danmark - straffutmåling og tap av førerett

Høgsteretts orskurd 29.01.2008, HR-2008-00163-A, (sak nr. 2007/1742), straffesak, anke
Straffelova § 12
A (advokat Halldis Winje) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Torstein Hevnskjel)

Dommarane: Flock, Tønder, Skoghøy, Coward, Gussgard

A promillekøyrde på vegar inn mot København sommaren 2006. Han hadde ein promille målt til 2,27 ein dryg halvtime etter køyringa. Med tilvising til straffelova § 12 nr. 3 bokstav c blei han i tingretten i Noreg dømd til fengsel i 24 dagar og ei bot på kr 20 000, i tillegg til tap av føreretten i 2 år. Etter anke til lagmannsretten blei fengselsstraffa redusert til 20 dagar og bota til kr 10 000.

A anka til Høgsterett over straffutmålinga og tidslengda på førerettstapet. Anken førte ikkje fram. Lagmannsretten hadde i tilstrekkeleg grad lagt vekt på det noko lågare straffutmålingsnivået i Danmark for denne typen brotsverk. Den domfelte kunne klandrast for at førarkortet ikkje blei beslaglagt før om lag tre kvart år etter køyringa, og tapsforskrifta § 1-4 andre ledd kunne ikkje brukast. Når tapsperioden var sett til 2 år, var det teke godt nok omsyn til situasjonen hans.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen