Sakskostnader ved ankenekt

Høgsterett ankeutvals vedtak, 26.06.2009, HR-2009-01342-U, (saknr. 2009/955), sivil sak, anke over dom

Seadrill Limited (advokat Arne Tjaum) mot Oslo Børs ASA (advokat Erik Keiserud)

Dommarane: Stabel, Bårdsen, Falkanger

Saka gjaldt sakskostnader ved ankenekt, under dette innverknaden av at det ikkje var sendt inn kostnadsoppgåve, jf. tvistelova § 20-5 tredje ledd.

Høgsteretts ankeutval nekta anken fremma etter tvistelova § 30-4. Ankemotparten, Oslo Børs ASA, hadde påstått seg tilkjend sakskostnader med 50 000 kroner med tillegg av meirverdiavgift. Prosessfullmektigen hadde ikkje sendt inn kostnadsoppgåve, jf. tvistelova § 20-5 tredje ledd. Etter fjerde ledd i føresegna kan salærutgifter, i saker som blir avgjorde utan munnleg forhandling, ikkje erstattast med meir enn 15 000 kroner utan at kostnadsoppgåva er levert. Utvalet fann ikkje grunn til å sende særskilt varsel til prosessfullmektigen om at oppgåve i så fall måtte sendast inn. Utvalet uttalte at føresegna i § 20-5 tredje ledd var ny i tvistelova, men at ho no måtte reknast som velkjend. Utvalet sette derfor summen til 15 000 kroner med tillegg av meirverdiavgift.

Les avgjørelsen i sin helhet 

Til toppen