Meddommar ikkje inhabil

Høgsteretts dom 25.10.2011, HR-2011-01988-A, (sak nr. 2010/1952), sivil sak, anke over dom

A (advokat Bendik Falch-Koslung) mot X kommune (advokat Nina Ramstad Aatlo)

Dommarar: Utgård, Webster, Arnesen, Matheson, Tjomsland

Høgsterett kom til at det ikkje var nokon feil at lagmannsretten avgjorde anke over habilitetsspørsmål særskilt og utan arbeidslivskunnige meddommarar. Habilitetsinnvending mot meddommar, som mellom anna etter første rettsdag hadde ete middag saman med kommunens partsrepresentant og prosessfullmektig, vart ikkje teken til følgje.

Eit spørsmål om habilitet i tingretten kan med samtykke frå partane skiljast ut til særskilt behandling i lagmannsretten. Det er også heimel til skriftleg behandling. Partane hadde samtykka i slik behandlingsmåte, og behandlingsmåten så langt var ikkje omtvista. Frå arbeidstakaren var det gjort gjeldande at det skulle delteke arbeidslivskunnige meddommarar ved denne behandlinga. Høgsterett kom til at det ikkje var nokon feil at den særskilte skriftlege ankebehandlinga skjedde utan slike.

Høgsterett tok også stilling til habilitetsspørsmålet. Det var gjort gjeldande fleire innvendingar som var utan vekt. Meddommaren hadde forretningsaktivitetar som hadde motteke tilskot og lån frå kommunen, i hovudsak kommunale fond. Heilt utan vekt i ei samla vurdering var dette ikkje. Då meddommaren kom inn i matsalen på hotellet etter første rettsdag var rådmannen i kommunen og prosessfullmektigen til kommunen dei einaste som var der. Det var forståeleg at meddommaren sette seg saman med dei, men likevel uheldig. Dette tilhøvet kunne likevel ikkje, heller ikkje om det vart sett i samanheng med meddommaren sine næringsinteresser, føre til inhabilitet.

Anken over lagmannsrettsdommen vart etter dette forkasta.

Les heile avgjerda

Til toppen