Saka gjaldt spørsmålet om det irske selskapet Dell Products var skattepliktig i Noreg for åra 2003–2006

Høgsteretts dom, 02.12.2011 HR-2011-02245-A, (sak nr. 2011/755), sivil sak, anke over dom

Dell Products ( advokat Ståle R. Kristiansen mot Staten v/Skatt Øst (adokat Morten Goller

Dommarar: Utgård, Øie, Kallerud, Falkanger, Tjomsland

Saka gjaldt spørsmålet om det irske selskapet Dell Products var skattepliktig i Noreg for åra 2003–2006. Det sentrale punktet var om Dell Products hadde driftsstad her i landet etter artikkel 5 nr. 5 i skatteavtalen mellom Irland og Noreg frå 2000.

 Dell Products selde datamaskinar og utstyr ved ein kommisjonsavtale der selskapet var kommittent (hovudmann) og det norske selskapet Dell AS var kommisjonær. Begge selskapa er del av Dell-konsernet. Dell AS selde til kundane, som her var store bedrifter og det offentlege. Det var ikkje omtvista at avtalen ikkje var rettsleg bindande for Dell Products i høve til kundane.

 For at Dell Products skulle ha fast driftsstad i Noreg og med det vere skattepliktig her, måtte Dell handle ”på vegne av” og ha ”fullmakt til å slutte kontrakter på vegne av” Dell, jf. skatteavtalen artikkel 5 nr. 5. Staten meinte at det avgjerande måtte vere om det låg føre ein avtale som reelt sett, men ikkje nødvendigvis rettsleg – var bindande.

 I motsetning til tingretten og lagmannsretten kom Høgsterett til at staten ikkje kunne få medhald. Ordlyden i artikkelen tala sterkt for eit vilkår om at kommisjonæren må binde hovudmannen i høve til kunden. Artikkelen er identisk med OECDs mønsteravtale, og det måtte då ha vekt at også kommentaren til denne støttar opp under eit krav om rettsleg binding. Også andre rettskjelder peika i same lei. Når både ordlyden og andre rettskjelder tala for at det er vilkåret, kan ikkje føremålet med artikkel 5 nr. 5 – å sikre skatten for kjeldestaten – føre til ei anna løysing.

 Dell Products fekk såleis medhald i at selskapet ikkje hadde fast driftstad i Noreg.

Les heile avgjerda 

Til toppen