Saka gjaldt mellom anna spørsmålet om ein må forstå overgangsføresegnene til føretakspensjonslova

Høgsteretts dom, 06.12.2011, HR-2011-02270-A, (sak nr. 2011/981), sivil sak, anke over dom

Frank Knudsen mfl. (advokat Christopher Hansteen) og  (advokat Håkon Angell) mot Sunnmørsposten AS (advokat Ingeborg Moen Borgerud) og Edda Ressurs AS (advokat Gry Steen Hvidsten)

Dommere: Stabel, Endresen, Kallerud, Falkanger, Tjomsland

Saka gjaldt mellom anna spørsmålet om ein må forstå overgangsføresegnene til føretakspensjonslova slik at tilsette med opptent pensjon etter tidlegare ordning har krav på linearitetsberekning heilt tilbake til tilsetjingstidspunktet.  

Sunnmørsposten gjorde med verknad frå 1. januar 1986 ein avtale med Storebrand om kollektiv pensjonsforsikring for sine tilsette. Etter avtalen blei den pensjonsgivande tenestetida rekna frå tilsetjinga dersom tilsetjinga skjedde før opptaket i ordninga. Oppteninga skjedde etter annuitetsprinsippet, i samsvar med TPES-reglane om skattefrådrag som gjaldt da. Lova om føretakspensjon tredde i kraft i 2001, og bygde på prinsippet om lineær opptening. Det blei gjort ein tilpassingsavtale mellom verksemdene og Storebrand basert på at den lineære oppteninga skulle skje tilbake til opptakstidspunktet i ordninga, ikkje tilsetjinga. Ved overgangen til den nye pensjonsordninga i 2003 fekk dei tilsette utferda fripolisar med utgangspunkt i opptakstidspunktet, og ei gruppe tilsette saksøkte Sunnmørsposten med krav om at linearitetsberekninga skulle vere frå tilsetjingstidspunktet. Dei fekk medhald i tingretten, men ikkje i lagmannsretten. Ein anke til Høgsterett førte ikkje fram. 
               
Høgsterett kom til at ein ikkje kunne forstå tilpassingsavtalen mellom verksemdene og Storebrand med verknad for dei tilsette slik at linearitetsberekninga skulle skje heilt tilbake til tilsetjingstidspunktet sjølv om eit krav om dette skulle følgje overgangsreglane i lova.
           
Eit slikt krav følgde – slik Høgsterett såg det – uansett ikkje av overgangsføresegnene i lova. For at ein skulle kunne nyte godt av skattefrådrag, måtte tidlegare ordningar vere tilpassa lova innan 1. januar 2003. Ein måtte forstå § 16-2 fjerde ledd slik at linearitetsberekning berre skulle gjelde opptent pensjon etter dette tidspunktet. Tidlegare opptent pensjon skulle bereknast etter tidlegare regelverk. Dette måtte gjelde alle element i berekninga.
               
Ein kunne derimot ikkje forstå overgangsreglane slik at dei innebar noko forbod mot å avtale ordningar som på dette punktet er betre for dei tilsette enn det som følgjer direkte av overgangsreglane. I dette tilfellet var det gjort ein slik avtale, der det blei teke omsyn til tenestetid før opptakstidspunktet, men dette kunne ikkje grunngi eit ytterlegare avvik frå ordninga i lova.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen