Saka gjaldt gyldigheita av eit vedtak i Utlendingsnemnda om å avslå asyl

Høgsteretts dom, 16.11.2011, HR-2011-02133-A, (sak nr. 2011/817), sivil sak, anke over dom

A og B (advokat Heidi Bache-Wiig) mot staten v/Utlendingsnemnda (advokat Ole Kristian Rigland)

Dommarar: Stabel, Webster, Arnesen, Bull, Gjølstad

Saka gjaldt gyldigheita av eit vedtak i Utlendingsnemnda om å avslå asyl og sende eit ektepar tilbake til Iran, der mannen påstod å vere politisk forfølgd. Særleg dreidde det seg om kvar den nedre grensa for kravet til bevis i slike saker skulle gå.

A og B kom til Noreg i november 2007 og søkte asyl. Dei forklarte at Ahmadi, på grunn av aktivitetane sine i heimlandet, frykta å bli avretta ved steining om han returnerte til Iran. I eigenerklæringa sa han at han hadde høyrt at han ville få ein dødsdom. Etter oppmoding frå utlendingsmyndigheitene sende han inn tre rettsdokument frå revolusjonsdomstolen i Ahvaz. Utlendingsmyndigheitene kom til at dokumenta var falske, og at forklaringa dermed ikkje var truverdig. Søknadene blei derfor avslått. 

Høgsterett kom, som tingretten og lagmannsretten, til at avslaga ikkje var ugyldige. Etter utlendingslova av 1988, som blei brukt i saka, jf. gjeldande lov § 28, skal menneske vernast mot å bli sende ut til område der det er fare for forfølging. Ved vurderinga skal asylforklaringa leggjast til grunn så langt ho verkar nokolunde sannsynleg og søkjaren sjølv har medverka til å opplyse saka så langt det er rimeleg og mogleg. Ein skal leggje vekt på det generelle truverdet til søkjaren. Det er ikkje noko krav om sannsynsovervekt for at forklaringa er riktig, og krava til sannsyn blir mindre jo meir alvorlege konsekvensane kan bli for utlendingen om han blir send heim. 

Høgsterett kom til at det var svært sannsynleg at rettsdokumenta var forfalska. Det var vidare ei klar utvikling i As forklaringar, frå at han kunne få ein dødsdom, til at han faktisk hadde fått det. Dette svekte truverdet hans i vesentleg grad. Asylforklaringa verka samla sett som så lite sannsynleg at ho ikkje kunne utløyse verken krav på opphald eller vern mot å bli send tilbake. Dette måtte også få følgjer for ektefellen.

Les heile avgjerda

Til toppen