Saka gjaldt prøving av eit vedtak i skatteklagenemnda der aksjonærane blitt nekta godtgjerslefrådrag

Høgsteretts dom, 16.11.2011, HR-2011-02132-A, (sak nr. 2011/997), sivil sak, anke over dom

Einar Rasmussen Investment AS mfl. (advokat Hanne Skaarberg Holen) mot staten v/Skatt sør (advokat Haakon Borgen)

Dommere: Bull, Webster, Utgård, Øie, Tjomsland

Saka gjaldt prøving av eit vedtak i skatteklagenemnda der aksjonærane i selskapet Einar Rasmussen Investment AS var blitt nekta godtgjerslefrådrag etter dagjeldande reglar for ein del av utbyttet som var delt ut frå selskapet. Eit vilkår for eit slikt frådrag var at det utdelte utbyttet var lovleg etter reglane i aksjelova. Reglane i skattelova § 10-12 om godtgjerslefrådrag er sidan erstatta av reglar om skjermingsfrådrag, men vilkåret om at det utdelte utbyttet må vere lovleg, gjeld framleis. 

Aksjelova § 8-1 andre ledd bestemmer at utbytte ikkje kan delast ut dersom eigenkapitalen etter balansen er mindre enn ti prosent av balansesummen, med mindre ein følgjer framgangsmåten for å setje ned aksjekapitalen i aksjelova §§ 12-4 og 12-6. Det springande punktet var om kapitalforhøgingar som er gjorde etter avslutninga av rekneskapsåret, og som derfor ikkje går fram av den godkjende årsrekneskapen, skal reknast med ved denne berekninga. Selskapet hadde gjort ei slik kapitalforhøging, og dersom den blei rekna med, var kravet i § 8-1 andre ledd oppfylt. 

Høgsterett kom til at andre ledd måtte lesast i samanheng med første ledd, og at kapitalforhøgingar etter at rekneskapsåret var avslutta, derfor ikkje kunne reknast med. Det hadde i denne samanhengen ikkje noko å seie at aksjelova § 10-10 bestemmer at etter ei kapitalforhøging skal aksjekapitalen reknast som forhøgd med det beløpet som er oppgitt i meldinga til Føretaksregisteret når forhøginga er registrert der. Spørsmålet var nettopp om ei kapitalforhøging som var gjennomført, skulle reknast med. 

Det kunne heller ikkje føre til eit anna resultat at omsynet til kontrollerbarheit – kreditorvern – neppe gjorde seg gjeldande som argument mot å ta omsyn til kapitalforhøgingar etter utgangen av rekneskapsåret. Paragraf § 8-1 første og andre ledd er utprega tekniske reglar som lovgivaren med hensikt har utforma slik at dei ikkje skal opne for skjønn. Det må da vere ei oppgåve for lovgivaren eventuelt å stille opp unntak for ein viss type disposisjonar som er grunngidde i at omsynet til kontrollerbarheit ikkje gjer seg gjeldande. 

Det er lagt til grunn i praksis at sjølv om det skulle førekomme mindre avvik frå reglane i aksjelova ved gjennomføringa av utbytteutdeling, vil utbetalinga kunne gi rett til godtgjersle dersom avviket er mindre vesentleg. Dette er avhengig av ei konkret skjønnsmessig vurdering. Ein må likevel kunne operere med typetilfelle av feil som blir rekna som vesentlege eller uvesentlege, med mindre spesielle omstende gjer seg gjeldande. Brot på sentrale element i den selskapsrettslege reguleringa av utbytte, slik som avgrensingar når det gjeld kva som kan delast ut, må ein normalt sjå på som vesentlege. Det låg ikkje føre omstende som tilsa ein annan konklusjon i dette tilfellet. At utbyttet kunne ha vore lovleg om ein hadde følgt framgangsmåten i aksjelova § 12-4 og § 12-6 om kapitalnedsetjingar, kunne vanskeleg tilleggjast vekt når det ikkje eingong var gjort forsøk på å følgje denne framgangsmåten. Dette må gjelde sjølv om det i dette konkrete tilfellet var openbert at eit kreditorvarsel i samsvar med § 12-6, dersom det hadde vore tid til å gjennomføre det, ikkje ville ha stoppa utdelinga av utbytte. Vesentlegheitsvurderinga kan ikkje vere avhengig av kor god økonomi det enkelte selskapet har.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen