Saka gjaldt spørsmål om erstatning for ikkje-økonomisk skade ved brot på strøksservitutt

Høgsteretts dom, 16.02.2011, HR-2011-00369-A, (sak nr. 2010/1436), sivil sak, anke over dom

Odd Axel Carling (advokat Håvard Wiker) mot AS Naturbetong (advokat Ola Brekken)

Dommerne: Sandberg, Møse, Bruzelius, Tønder, Schei

Saka gjaldt spørsmål om erstatning for ikkje-økonomisk skade ved brot på strøksservitutt, ein villaklausul på eigedommen Ivar Aasens vei 2 på Vinderen i Oslo. I dommen i Rt. 2008 side 362 (dissens 3–2) fekk ein nabo medhald i at AS Naturbetong hadde brote klausulen ved å byggje fire hus med i alt 23 leilegheiter på eigedommen. 

Fordi leilegheitene var selde til nye eigarar, kravde ikkje naboen å få forholdet retta opp. I staden kravde han erstatning basert på den vinninga Naturbetong hadde hatt av prosjektet. Noko økonomisk tap var ifølgje lagmannsretten ikkje dokumentert. Høgsterett fann ikkje grunnlag for å supplere reglane i servituttlova med ein meir vidtrekkande, ulovfesta regel om kompensasjon for fortenesta krenkaren hadde hatt. Derimot var vilkåra for erstatning for ikkje-økonomisk skade etter servituttlova § 17 andre ledd til stades. I uttrykket ”misbruken” låg ikkje noko meir enn det som elles følgjer av føresegna, og ein kunne ikkje krevje at naboen samtidig kravde servitutten avskipa etter første ledd.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen