Saka gjeld foreldreansvar og samvær for felles barn

Høgsteretts dom, 01.12.2011, HR-2011-02244-A, (sak nr. 2011/1135), sivil sak, anke over dom

A (advokat Laila Kjærevik) mot B (advokat Ingelin Morken Gundersen)

Dommere: Normann, Øie, Tønder, Kallerud, Schei

Saka gjeld foreldreansvar og samvær for felles barn, C fødd i 2004 og D fødd i 2007.
 
Lagmannsretten kom til at mor skulle ha foreldreansvaret aleine, og at far skulle ha samvær med gutane kvar fjerde helg med tilsyn under ein del av samværet.
 
Høgsterett kom til den same løysinga for begge gutane når det gjaldt foreldreansvaret og helgesamværet, men A skulle i tillegg ha samvær med far éin ettermiddag i veka. Samværet skulle etter ein overgangsperiode utvidast slik at A i samband med vekesamværet skulle overnatte hos far til neste dag. I vurderinga av om far skulle få utvida samvær, blei det vist til at den sakkunnige for Høgsterett hadde uttalt at ei slik utviding var forsvarleg.
 
Ved avgjerda av foreldreansvaret viste Høgsterett til at det er uttalt i rettspraksis at regelen ved samlivsbrot er felles foreldreansvar med mindre særlege grunnar tilseier at éin av foreldra bør ha foreldreansvaret aleine, jf. Rt. 2003 side 35 avsnitt 33. Dersom foreldra aldri har budd saman, eller dersom dei ikkje har budd saman i barnet si levetid, har ein derimot gjort ei totalvurdering av kva som er til det beste for barnet, utan å ta utgangspunkt i ein regel om foreldreansvar, jf. Rt. 2010 side 216 avsnitt 47 og HR-2011-02229-A. Slik Høgsterett såg det, burde vurderinga vere den same i tilfelle der partane – som her – aldri har vore gifte eller sambuarar, sjølv om dei har vore mykje saman i periodar.
 
Det kunne ikkje stillast opp nokon presumsjon for at far skulle ha vanleg samvær slik dette er definert i barnelova § 43 andre ledd tredje punktum. Lovteksten inneheld ein definisjon av kva som er vanleg samvær dersom dette er avtalt eller fastsett. Det følgjer av forarbeida til lova at avgjerda om samvær skal rette seg etter kva som er best for barnet, jf. Ot.prp. nr. 62 (1979 – 1980) side 37 og Ot.prp. nr. 103 (2004–2005) side 15 og 54.
 
Far hadde vist til at han ikkje ville få forlengt opphaldsløyvet sitt i Noreg dersom han ikkje blei tilkjend "vanleg samvær". Høgsterett uttalte at det ville bli feil å fastsetje samværet ut frå omsynet til å oppnå eit gunstig vedtak frå utlendingsstyresmaktene og ikkje ut frå kva som er til det beste for barna.

Les heile avgjerda

Til toppen