Saka gjaldt om ei tidlegare fostermor har krav på å få fremma sak om samvær for fylkesnemnda

Høgsteretts dom, 06.12.2011, HR-2011-02269-A, (sak nr. 2011/1556), sivil sak, anke over dom

Oslo kommune (advokat Irene Sogn) og A (advokat Øystein Storrvik) mot D (advokat Gunnar K. Hagen) 

Dommere: Kallerud, Noer, Indrebegrg, Falkanger, Tjomsland

Ei tidlegare fostermor har krav på å få fremma sak om samvær for fylkesnemnda.

Rettsleg overprøving av avvisingsvedtak i fylkesnemnda skal skje etter reglane i tvistelova kapittel 36 om administrative tvangsvedtak.

Etter barnevernlova § 4-19 fjerde ledd kan slektningane til barnet, eller andre barnet har ei nær tilknyting til, krevje at fylkesnemnda tek stilling til om dei skal ha rett til samvær med barnet etter omsorgsovertaking. Høgsterett - alle bortsett frå éin dommar - kom til at det ikkje var grunnlag for å tolke denne føresegna slik at tidlegare fosterforeldre fell utanom, dersom vilkåra elles er oppfylte.

Det er etter lova eit vilkår for andres rett til å få prøvd samværsspørsmålet at fylkesnemnda har bestemt at foreldra ikkje skal ha samvær, eller at dei skal ha ein "svært begrenset" rett til samvær. Høgsterett kom til at det samværet som gjekk fram av vedtaket i nemnda - ikkje eit meir omfattande faktisk samvær - var avgjerande. Samvær to timar tre gonger i året måtte reknast som "svært begrenset". 

Mindretalet kom til at barnevernlova § 4-19 fjerde ledd ikkje gir tidlegare fosterforeldre rett til å få prøvd eit krav om samvær for fylkesnemnda. Slik mindretalet såg det, måtte det mellom anna leggjast vekt på at lovgivaren har ønskt å avgrense kretsen av personar som kan krevje samvær med barnet, og at grunngivinga for innsnevringa i lovforarbeida viser at føresegna ikkje er mynta på - og ikkje passar for - fosterforeldre. 

Ein samla Høgsterett kom til at det følgjer av barnevernlova § 7-24 at ei rettsleg overprøving av vedtak i fylkesnemnda må skje etter reglane i tvistelova kapittel 36. Det var derfor feil at tingretten og lagmannsretten ikkje var sette med meddommarar, og det skulle vore gitt dom, ikkje orskurd. Ingen av partane ønskte at dei tidlegare avgjerdene skulle opphevast, og Høgsterett kom til at vilkåra for å realitetsbehandle saka var til stades.

Les heile avgjerda

Til toppen