Saka gjeld spørsmål om ein tomtefestar kan motsetje seg at festeavgifta blir regulert opp i samsvar med endringa i pengeverdien mv.

Høgsteretts dom, 26.10.2011, HR-2011-01998-A, (sak nr. 2011/751), sivil sak, anke over dom

Marit Kristin Graven Runde mfl. (advokat Sveinung O. Flaaten) mot Dag Fjeldstad mfl. (advokat Ole Løken)

Dommere: Indreberg, Tønder, Endresen, Kallerud, Matningsdal

Saka gjeld spørsmål om ein tomtefestar kan motsetje seg at festeavgifta blir regulert opp i samsvar med endringa i pengeverdien, slik tomtefestelova § 15 gir bortfestaren rett til, under tilvising til at festeavtalen dermed blir urimeleg, jf. avtalelova § 36.

I festekontraktar for 99 år, inngått i 1970 for tomter utskilde frå ein større gard i Oslo, var det fastsett at festaren skulle gi bortfestaren eit lån. Lånet svarte til den høgaste lovlege salsverdien på tomtene. Det kunne seiast opp av bortfestaren, men ikkje av festaren. Kontrakten fastsette at lånet skulle forrentast med same prosentsats som festeavgifta til kvar tid blei betalt med. I åra frå 1970 til 2007 blei det som følgje av dette ikkje kravd festeavgift og heller ikkje betalt rente på lånet. I juni 2008 kravde bortfestaren at festeavgifta blei regulert opp i samsvar med endringa i pengeverdien, slik tomtefestelova § 15 opnar for. Da dette ikkje blei godteke, tok bortfestaren ut stemning mot festarane av ein av bustadeigedommane.

Bortfestaren fekk medhald i alle instansar. Høgsterett la til grunn at ein ikkje kan sjå heilt bort frå at avtalelova § 36 kan brukast, men at det skal mykje til. I dette tilfellet ville ikkje ei oppregulering føre til at avtalen blei urimeleg, trass i at lånet hadde sett bortfestaren i tilnærma same stilling som ein seljar. Rt. 1979 side 254, der oppregulering i ein tilsvarande festeavtale blei sett på som urimeleg, kunne ikkje vere avgjerande fordi dommen var gitt i ein situasjon som på fleire måtar avvik frå situasjonen i dag. 

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen