Saka gjeld spørsmål om frådrag for inngåande meirverdiavgift

Høgsteretts dom, 30.09.2011, HR-2011-01847-A, (sak nr. 2011/650), sivil sak, anke over dom

Halliburton AS (advokat Ivan Skjæveland) mot staten v/Skatt vest (advokat Helge Røstum)

Dommere: Noer, Skoghøy, Endresen, Arnesen, Schei

Saka gjeld spørsmål om frådrag for inngåande meirverdiavgift. 

Halliburton AS driv avgiftspliktig verksemd i form av sal av varer og tenester offshore. Dei tilsette blir frakta ut til plattformene frå helikopterbasar på land. Reisene til helikopterbasane skjer med kollektivtransport som Halliburton betaler. Spørsmålet i saka var om Halliburton kunne krevje frådrag for meirverdiavgift som hadde samla seg opp ved betalinga for transporten av dei tilsette frå heimstaden og til helikopterbasane. 

Etter meirverdiavgiftslova 1969 § 21 første ledd kan næringsdrivande krevje frådrag for inngåande avgift ved innkjøp som er ”til bruk i virksomhet” med avgiftspliktig omsetning. Høgsterett kom til at kostnadene til kjøp av transport for dei tilsette til helikopterbasane ikkje var til bruk i verksemda ifølgje lova. Det blei mellom anna lagt vekt på at kjøpet ikkje var til direkte bruk i verksemda til Halliburton, at reisa skjedde i fritida til dei tilsette og utan at dei tilsette utførte arbeid for verksemda, og at dette var ein type kostnader som normalt blei dekte av dei tilsette. Samla kom Høgsterett til at innkjøpet ikkje hadde ei slik tilknyting til verksemda at meirverdiavgifta kunne førast som frådrag etter meirverdiavgiftslova § 21.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen