Saka gjeld spørsmål om det er gjort ein bindande avtale om leige av forretningslokale.

Høgsteretts dom, 17.03.2011, HR-2011-00581-A, (sak nr. 2010/1866), sivil sak, anke over dom

Ernst & Young AS (advokat Sven Magnus Rivertz) mot Optimogården AS (advokat Lars Nygaard)

Dommere: Noer, Tjomsland, Stabel, Møse, Schei

Saka gjeld spørsmål om det er gjort ein bindande avtale om leige av forretningslokale.

Ernst & Young AS i Mo i Rana ved dagleg leiar Geir Arne Solbakk forhandla frå februar til september 2008 med Optimogården AS i Mo i Rana om å leige kontorlokale av dei. Det var bestemt at det skulle byggjast ein ny 3. etasje på Optimobygget, og Ernst & Young AS skulle leige her. Leigeperioden var fem år og den samla kontraktsummen ca. 2,75 millionar kroner. Eit utkast til leigeavtale blei utarbeidd og revidert. Solbakk og Stig Roger Nilsen, som forhandla på vegner av Optimogården, blei etter kvart einige om ein avtaletekst. Avtalen blei send til Ernst & Young sentralt for signering tidleg i september 2008. Leiinga i selskapet konkluderte i november med at dei ikkje ønskte å leige lokala. Det oppstod deretter tvist mellom partane. Ernst & Young heldt fram at det ikkje var inngått nokon bindande avtale, og at Solbakk heller ikkje hadde fullmakt til å binde selskapet.

Fleirtalet i Høgsterett, fire dommarar, kom til at Solbakk var legitimert til å inngå leigeavtalen på vegner av Ernst & Young. Fleirtalet la mellom anna vekt på stillinga Solbakk hadde som dagleg leiar, at avtalen var relativt avgrensa, at ein e-post frå innkjøpssjefen i Ernst & Young kunne gi inntrykk av at Solbakk hadde avtalekompetanse, og at selskapet var nærmast til å bere risikoen for at ein tilsett opptredde som om han hadde kompetanse.

Fleirtalet kom vidare til at det var inngått ein avtale. Det blei lagt vekt på at alle vesentlege tilhøve i avtalen var avklarte og avtaletekst utforma, at Solbakk hadde gått langt i å signalisere at avtalen var i orden, at Optimogården hadde innretta seg som om det var inngått ein avtale, og at dette var synbert for Ernst & Young. Fleirtalet kom vidare til at Optimogården v/Nilsen var i aktsam god tru med omsyn til at Solbakk hadde fullmakt og ein avtale var inngått. Ei utsegn frå Solbakk om at kontrakten skulle signerast lokalt, var ikkje eit tilstrekkeleg klart atterhald om signering.

Mindretalet, dommar Tjomsland, kom til at Ernst & Young ikkje hadde opptredd på ein måte som kunne ha gitt utleigaren rimeleg grunn til å tru at Solbakk hadde fullmakt til å inngå avtalen. Det blei mellom anna lagt vekt på at avtalen skulle signerast sentralt. Ein bindande avtale hadde derfor ikkje komme i stand.    

Leis heile avgjerda

Til toppen