Søksmålsfristen for å få kjent ugyldig avgjerda til eit aksjeselskap om fisjon

Høgsteretts kjennelse, 10.02.2011, HR-2011-00313-A, (sak nr. 2010/1564), sivil sak, anke over kjennelse

Fjellkraft AS mfl. (advokat Bendik Christoffersen) mot Tunturivoima Oy Ltd. (advokat Ronny Lund)

Dommere: Øie, Bårdsen, Bull, Webster, Matningsdal

Saka gjaldt spørsmål om søksmålsfristen for å få kjent ugyldig avgjerda til eit aksjeselskap om fisjon, jf. aksjelova § 14-10, jf. § 13-19, også gjeld for søksmål om gyldigheita av avgjerd om kapitalforhøging og utferding av vederlagsaksjar ved trekantfisjon.

Søksmålsfristen i § 14-10, jf. § 13-19 går ut når fisjonen er registrert gjennomført i Føretaksregisteret. Lova har ingen reglar om når i fisjonsprosessen vedtaket om kapitalforhøging og utferding av vederlagsaksjar må vere gjort ved trekantfisjonar, bortsett frå at det må skje før fisjonen blir gjennomført. Dersom reglane i lova blir utnytta til fulle, vil det kunne vere mogleg å få sendt melding om fisjon til Føretaksregisteret berre ei veke etter at det er send ut innkalling til generalforsamling i selskapet som utferdar vederlag. Dermed vil også søksmålsfristen kunne gå ut ei knapp veke etter at aksjonærane i selskapet seinast er gjorde kjende med fisjonsplanane. Ved ordinære fisjonar vil den faktiske fristen minst vere på rundt to og ein halv månad.

Dersom søksmålsfristen i § 14-10, jf. § 13-19 ikkje gjeld for avgjerda om kapitalforhøging og vederlagsaksjar ved trekantfisjonar, vil den alminnelege søksmålsfristen i § 5-23 komme til bruk. Fristen er her som hovudregel tre månader frå avgjerda blei teken, sjå første ledd. Ved nærmare oppgitte grove ugyldigheitsgrunnar gjeld det likevel ingen frist, sjå andre ledd.

Tingretten og lagmannsretten kom til at søksmålsfristen i aksjelova § 14-10, jf. § 13-19 ikkje kjem til bruk for det aktuelle vedtaket, og at det var reist søksmål innan fristen i § 5-23, slik at det ikkje var grunnlag for å avvise søksmålet.

Høgsterett kom til at fristen i § 14-10, jf. § 13-19 også gjeld for vedtak om kapitalforhøging og utferding av vederlagsaksjar ved trekantfisjon, men at det på bakgrunn av kravet i EKM artikkel 6 nr. 1 om rett til domstolsprøving må innfortolkast eit vilkår om at den faktiske fristen ein part har til å reise søksmål, må vere så lang at parten har hatt ei reell moglegheit til å gå til søksmål. Høgsterett gav uttrykk for at ein faktisk frist på ei veke ville vere for kort, medan ein frist på ein månad ville vere tilstrekkeleg. Om ein kunne godta ein kortare faktisk frist enn ein månad, fann Høgsterett – slik saken stod – ikkje grunn til å ta stilling til.

Det var ikkje gjort gjeldande at Tunturivoima ikkje hadde hatt ei reell moglegheit til å gå til sak. Søksmålet, som var reist etter at fisjonen var registrert i Føretaksregisteret, blei etter dette avvist.

 Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen