Anken gjaldt lovbruken, saksbehandlinga og straffutmålinga ved domfelling for brot på straffelova § 201 a

Høgsteretts dom, 14.11.2011, HR-2011-02105-A, (sak nr. 2011/964), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemyakta (statsadvokat Erik Thronæs) mot A (advokat John Christian Elden) og A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Thronæs)

Dommarar: Skoghøy, Noer, Indreberg, Tønder, Tjomsland

Anken gjaldt lovbruken, saksbehandlinga og straffutmålinga ved domfelling for brot på straffelova § 201 a (”grooming”), jf. § 49 og § 204 a (innehav av barneporno).

Den tiltalte, som var 58 år, hadde komme i kontakt med den krenkte, som var 15 år, på Nettby. Etter at den tiltalte hadde gitt uttrykk for ønsket om å møte den krenkte, tok mora til den krenkte over kontakten og lét som om ho var den krenkte. Dei avtalte å møtast utanfor jernbanestasjonen på staden og deretter dra heim til den tiltalte for å ha seksuell omgang. Mora til den krenkte tok kontakt med politiet, og tiltalte blei identifisert. Da tiltalte møtte opp på den avtalte møtestaden, blei han møtt av ein kvinneleg politibetjent og arrestert.

Høgsterett kom til at det ikkje låg føre noko fullført brot på § 201 a, men eit utenleg forsøk på det. Da mora til den krenkte i kontakten med den tiltalte hadde opptredd på eiga hand utan instruksar frå politiet, låg det ikkje føre nokon ulovleg politiprovokasjon. For at den tiltalte skal kunne frifinnast på grunn av provokasjon frå private, må den tiltalte ha blitt lokka til ei handling som elles ikkje ville ha blitt utført, og det må etter ei totalvurdering verke støytande og i strid med den alminnelege rettskjensla å domfelle. I denne saka var det, slik Høgsterett såg det, ikkje grunnlag for ei slik frifinning.

Tiltalen for brot på § 204 a blei etter samtykke frå den tiltalte bringa direkte inn for lagmannsretten, jf. straffeprosesslova § 331 andre ledd. Under dissens (4 mot 1) blei dommen i lagmannsretten, med ankeforhandling, oppheva for dette forholdet. Fleirtalet tok ikkje stilling til om den tiltalte gyldig kunne gi avkall på retten etter Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar (SP) artikkel 14 nr. 5 til overprøving av bevisvurderinga under skuldspørsmålet. Opphevinga blei grunngitt med at tiltalte verken av forsvararen eller av lagmannsretten var blitt orientert om at han ved å samtykkje i at tiltalen for brot på § 204 a blei bringa direkte inn for lagmannsretten, mista retten til slik overprøving. Mindretalet – Noer – meinte at den tiltalte måtte identifiserast med forsvararen sin, og at forsvararen var klar over at den tiltalte ved å samtykkje i at forholdet blei bringa direkte inn for lagmannsretten, fråfall retten til overprøving.

Straffa for forsøket på brot på § 201 a blei sett til fengsel i 30 dagar.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen