Saka gjaldt inndraging i eit tilfelle der den tiltala var frifunnen for straff

Høgsteretts dom, 14.06.2011, HR-2011-01193-A, (sak nr. 2011/257), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Dommarar: Utgård, Matheson, Noer, Falkanger, Gjølstad

Saka gjaldt inndraging, jf. straffelova 34, i eit tilfelle der den tiltala var frifunnen for straff.

Høgsterett viste innleiingsvis til at reglane om inndraging i straffelova var endra i 1999. Føremålet med endringa var å gjere reglane meir effektive, og slik at reglane innanfor dei rammene som omsynet til rettstryggleiken set, i størst mogeleg grad skal bidra til at lovbrytarar ikkje får behalde utbytet.

Høgsterett la til grunn at det objektive gjerningsinnhaldet i straffelova § 202 første ledd bokstav b er oppfylt frå bruken til prostitusjon tek til. Det kunne ikkje spele noka rolle at skuldkravet her står i straffebodet og ikkje elles i lova.

Kravet mot inndraging var retta mot A personleg, også der verksemda hadde vore driven i aksjeselskap med han som eineaksjeeigar. Den økonomiske vinninga ville då slå ut i den økonomiske verdien av hans eigarinteresser, jf. Rt. 1987 side 1194.

Lagmannsretten hadde korrekt lagt til grunn bruttoinndraging. Det skulle likevel vore gjort frådrag for betalt eller ilikna skatt. I mangel av nærare opplysningar vart frådrag gjort for skatt med 100 000 kroner.

Lagmannsretten hadde inndrege 100 000 kroner som følgje av verdistiging på eigedommar i den tida leilegheiter var nytta til prostitusjon. Aktor og forsvarar var einige i at det ikkje var grunnlag for slik inndraging. Høgsterett slutta seg til dette, då dette ikkje var tale om utbyte ”av” dei strafflagde handlingane.

Høgsterett la til grunn at inndraging ikkje ville vere klart urimeleg. Det var tale om ein profesjonell utleigar, der det hadde vore drive prostitusjon i mange eigedommar over eit ikkje heilt lite tidsrom. I høve til den samla verksemda var det heller ikkje tale om noko spesielt stort inndragingsbeløp.

Inndraginga vart etter dette ståande, likevel slik at beløpet vart redusert frå 1 300 000 kroner til 1 100 000 kroner.

Les heile avgjerda

Til toppen