Saka gjaldt straffutmåling i sak om forsøk på overfallsvaldtekt

Høgsteretts dom, 30.06.2011, HR-20111-01316-A, (sak nr. 2011/597), straffesak, anke over dom

A (advokat Anders Brosveet) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kirsti Guttormsen)

Dommarane Utgård, Endresen, Noer, Webster, Matningsdal

Saka gjaldt straffutmåling i sak om forsøk på overfallsvaldtekt, gjort etter endringa av straffelova § 192 ved lov 25. juni 2010.

Forsøket på valdtekt skjedde i X natt til 17. september 2010. Ho var på veg heim frå byen om lag klokka to om natta, då valdtektsforsøket skjedde. Han hadde gått same veg som henne, vart avvist då han gjorde tilnærmingar, og braut henne då overende og la seg oppå henne. Dette skjedde på eit graslagt område mellom vegen og gjerdet til ein villaeigedom. Han fikk teke av henne nedantil, og gjorde det same sjølv. Då ho prøvde å rope om hjelp, slo han henne fleire gonger i ansiktet for å få henne til å teie stilt. Han gav opp då ein mann kom gåande.

Etter endringa i straffelova § 192 første ledd, jf. andre ledd, i 2010, er minstestraffa for valdtekt fengsel i tre år. Ved skjerpande omstende skal straffa ikkje vere under fengsel i fem år. Ved eit vanleg tilfelle av valdtekt skal straffa ikkje vere under fengsel i fire år.

I proposisjonen til endringslova er det gitt døme på straffenivået i særlege saker. Høgsterett la til grunn at tilhøvet i saka no ikkje var så alvorleg som i saka i Rt. 2003 side 625, som etter proposisjonen er lagt til grunn å skulle gi ei straff av fengsel i seks år. Men tilhøvet var også alvorlegare enn det som ville gitt ei ”normalstraff” på fengsel i fire år. Høgsterett la til grunn at straffa ville ha vore fengsel i fem år eller i overkant av det.

Det var tale om ei sak med forsøk. Høgsterett meinte at det tilsa at utgangspunktet, før spørsmålet om verknadene av tilståing skulle vurderast, tilsa eit straffenivå på om lag fire år.

Domfelte gav opp valdtektsforsøket og heldt seg deretter gøymt då denne mannen kom gåande. Politiet kom til, og etter ei tid kom domfelte fram og gav seg til kjenne. Han uttala først at han hadde vore full, men nokre dagar etterpå – før fengslingsmøtet – tilsto han, og gav ei forklaring som har samsvara med den den krenkte har gitt. Denne forklaringa har han seinare stått ved.

Aktor for Høgsterett uttala at det må leggjast til grunn at det ikkje var sikkert at gjerningspersonen hadde vorte funnen, dersom han ikkje hadde gitt seg til kjenne slik han gjorde. Det hadde vekt prosessøkonomisk at han tilsto, og ikkje minst letta dette situasjonen monaleg for den krenkte.

Straffa vart etter dette sett til fengsel i to år og ti månader.

Les heile avgjerda

Til toppen