Saka gjaldt straffutmåling ved forsøk på grovt ran og for fridomsfråtaking

Høgsteretts dom, 15.02.2011, HR-2011-00356-A, (sak nr. 2010/1746), straffesak, anke over dom

A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Ingrid Johansen)

Dommarane Utgård, Tønder, Sandberg, Noer, Schei

Saka gjaldt straffutmåling ved forsøk på grovt ran og for fridomsfråtaking. Hovudspørsmålet var om det skulle givast dom på samfunnsstraff for ein domfelt som var 17 år og 10 månader gammal på handlingstida.

A og B, som på handlingstida var høvesvis 17 år og 10 månader og 19 år og 3 månader gamle, er domfelte for grovt ran og fridomsfråtaking. Dei oppsøkte saman ein mann, som budde i eit hus eit stykke frå andre, utøvde grov vold mot han og batt han fast i stolen. Dei fann ingen pengar. Offeret kom seg laus etter ei tid. Lagmannsretten sette straffa til fengsel i eitt år og åtte månader for B og til fengsel i eitt år og fire månader for A. Begge anka over straffutmålinga.

Etter at lagmannsretten sa dom, behandla Høgsterett spørsmålet om bruk av samfunnsstraff i ei sak om ran, der ein av dei domfelte hadde vore under 18 år på handlingstida. Den nye dommen, innteken i Rt. 2010 side 1313, avveik i nokon grad frå tidlegare praksis.

Anken frå A vart vist til Høgsterett, som la synsmåtane i den nye dommen til grunn for straffutmålinga. Likskapen i alvorsgrad mellom saka no og dommen frå 2010 var så stor at det i begge tilfelle var tale om den same vurderinga.

A var ikkje tidlegere straffedømnd, og han hadde heller ikkje gjort seg skuldig i nye strafflagde handlingar i dei snart to åra som hadde gått. Han går på vidaregåande skule og har deltidsarbeide. Dei individuale omsyna ville bli best varetekne med samfunnsstraff, som i dette tilfellet også ville bli ein svært følbar reaksjon.

Omsynet til allmennprevensjonen måtte vurderast på same måte som i 2010-dommen.

Vurderingane i 2010-dommen knyter seg i særleg grad til rettsgrunnlaget som gjeld for personar under 18 år, og det er først når denne grensa er passert at det blir tale om ein markert skilnad i straffenivået i saker som denne.

Straffa vart etter dette sett til 419 timar samfunnsstraff, med ei subsidiær fengselsstraff på eitt år og fire månader. 

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen