Saka gjaldt spørsmål om det skal reagerast med samfunnsstraff ved domfelling for lekamsfornærming mv.

Høgesteretts dom, 26.10.2011, HR-2011-01997-A, (sak nr. 2011/1262), straffesak, anke over dom

A (advokat Arild Dyngeland) mot Den offentlege påtalemakta(førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen)

Dommere: Tønder, Indreberg, Endresen, Stabel, Matningsdal

Saka gjaldt spørsmål om det skal reagerast med samfunnsstraff ved domfelling for lekamsfornærming og truslar mot ein sjukepleiar som var i teneste på legevakta.

Tingretten sette straffa til fengsel i 24 dagar. Når straffa blei sett til fengsel utan vilkår, la tingretten særleg vekt på at den tiltalte, som det mest alvorlege lovbrotet, blei dømd for vald mot offentleg tenestemann, jf. straffelova § 127. I tillegg blei han dømd for lekamsfornærming og truslar.

I lagmannsretten blei han dømd for lekamsfornærming og truslar, medan domfellinga for vald mot offentleg tenestemann blei oppheva. Også lagmannsretten sette straffa til fengsel i 24 dagar. Lagmannsretten viste til at handlingane skjedde etter endringa av straffelova ved lov 25. juli 2010 nr. 46, som skjerpa straffa ved valdslovbrot.

Høgsterett sette straffa til 45 dagar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 120 dagar. Det blei uttalt at verken lovendringa eller forarbeida gir grunnlag for ei generell heving av straffenivået for lekamsfornærming så lenge ho er av meir ordinær karakter og ikkje grensar mot lekamsskading eller av andre grunnar må karakteriserast som grov. Sjølv om allmennpreventive omsyn tilseier ein streng reaksjon ved vald og truslar mot ein sjukepleiar i teneste på legevakta, er ikkje det til hinder for bruk av samfunnsstraff i eit tilfelle som dette.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen