Saka gjaldt straffutmåling for mellom anna oppbevaring av 15,3 kg hasj

Høgsteretts dom, 12.09.2011, HR-2011-01692-A, (sak nr. 2011/975), straffesak, anke over dom

A (advokat Øystein Storrvik) mot Den offentlege påtalemyakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Dommarar: Matheson, Bull, Noer, Øie, Tjomsland

Saka gjaldt straffutmåling for mellom anna oppbevaring av 15,3 kg hasj. Dette tilhøvet var det styrande elementet for fastsetjing av reaksjon. Hovudspørsmålet var om sterke rehabiliteringsgrunnar tilsa bruk av samfunnsstraff.

Den tiltalte hadde oppbevart hasjpartiet i ca. to veker for ein venn som var på reise. Han blei i lagmannsretten dømd til to år og seks månaders fengsel, ni månader av straffa var på vilkår. Høgsterett fann at utgangspunktet for straffastsetjinga burde justerast noko, slik at straffa etter tilståingsrabatt passande kunne setjast til fengsel i to år og fire månader.

I spørsmålet om bruk av samfunnsstraff viste Høgsterett til at hovudregelen framleis er fengsel på vilkår for grove narkotikabrotsverk. Vidare blei det peika på at det i samsvar med utsegner i forarbeida fleire gonger er gitt uttrykk for at det kan dømmast til samfunnsstraff dersom det ligg føre klare og sterke rehabiliteringsomsyn eller andre spesielle tilhøve, jf. Rt. 2009 side 1045 avsnitt 9 med vidare tilvisingar.

Den domfelte hadde brukt rusmiddel sidan han var 14 år, og levd eit liv prega av rus og sporadiske arbeids- og bustadtilhøve. Men livsførselen hans endra seg i 2005/2006. Etter pågripinga i 2009 gjorde han ein ytterlegare innsats for å endre livet sitt ved å skaffe seg arbeid og seinare bustad.

Høgsterett kom til at rehabiliteringssituasjonen til den domfelte skilde seg frå situasjonen i samanliknbare saker, mellom anna ved at den straffbare handlinga skjedde tre–fire år etter at den domfelte etter eigne opplysningar hadde endra livsførselen sin vesentleg. Den domfelte syntest ut frå framtidsplanane sine ikkje å vere i ein spesielt sårbar situasjon. Trass i den positive utviklinga som han hadde vore gjennom, kom Høgsterett samrøystes til at det ikkje låg føre sterke nok grunnar til å reagere med samfunnsstraff i dette tilfellet, og at dei allmennpreventive omsyna som grunngir hovudregelen, måtte vere avgjerande også i denne saka.

Straffa blei sett til fengsel i to år og fire månader, ni månader på vilkår, slik som i lagmannsretten.

Les heile avjerda

Til toppen