Saka gjaldt straffutmåling for oppbevaring av ca. 95 kg hasj

Høgsteretts dom, 21.12.2011, HR-2011-02385-A, (sak nr. 2011/1388), straffesak, anke over dom

A (advokat Frode Sulland) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Håvard Skallerud)

Dommarar: Skoghøy, Øie, Falkanger, Webster, Schei

Saka gjaldt straffutmåling for oppbevaring av ca. 95 kg hasj – straffelova § 162 første, jf. tredje ledd. Det sentrale spørsmålet var om det var grunnlag for å ta i bruk samfunnsstraff, jf. straffelova § 28 a.

Den domfelte, som er vaksen opp i Bosnia og kom til Noreg i 2003, hadde i drygt ein månad våren 2009 oppbevart ca. 95 kg hasj for andre. For dette hadde ho teke imot 16 000 kroner. Bakgrunnen for at ho tok på seg å oppbevare stoffet, var at ho var i ein vanskeleg økonomisk situasjon og hadde problem med å betale tilbake eit privat lån.

Høgsterett la samrøystes til grunn at straffenivået for oppbevaring av ei slik mengd hasj låg på fengsel i rundt fire år. Det var også einigheit om at straffa måtte halverast fordi den domfelte hadde tilstått utan atterhald og samarbeidd med politiet for å få saka oppklart når det gjaldt dei andre som var impliserte. Fleirtalet kom under tvil til at det var grunnlag for samfunnsstraff, men på dette punktet var det dissens (3 mot 2).

Når fleirtalet under tvil kom til at det var grunnlag for samfunnsstraff, var det på grunn av ein kombinasjon av at den domfelte hadde eineomsorga for ei dotter som fyller sju år i april 2012, og at den domfelte ikkje berre hadde tilstått sitt eige lovbrot, men også samarbeidd med politiet og gitt vitneforklaringar i retten slik at dei andre impliserte var blitt dømde. I motsetning til lagmannsretten hadde fleirtalet vanskar med å sjå at det var andre i familien som kunne gi dottera til den domfelte tilfredsstillande omsorg under soning av ei fengselsstraff. Sjølv om faren hadde samværsrett, hadde dottera hatt avgrensa kontakt med han.

Mindretalet – Øie og Falkanger – fann ikkje grunnlag for å fråvike lagmannsretten si vurdering av at barnevernet ikkje er det einaste akseptable omsorgsalternativet, og meinte at tilståinga og samarbeidet med politiet måtte tilleggjast avgrensa vekt ved spørsmålet om samfunnsstraff, medan allmennpreventive omsyn måtte vege tungt.

Samfunnsstraffa blei sett til 390 timar med ei gjennomføringstid på eitt år og seks månader. Den subsidiære fengselsstraffa blei sett til eitt år og åtte månader.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen