Saka gjaldt straffutmåling for brot på narkotikalovgivinga

Høgsteretts dom, 23.06.2011, HR-2011-01262-A, (sak nr. 2011/653), straffesak, anke over dom

A (advokat Harald Stabell) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvoakt Dennis Danielsen)

Dommarar: Matheson, Akerlie, Normann, Øie, Matningsdal

Saka gjaldt straffutmåling for brot på narkotikalovgivinga. Det mest sentrale tilhøvet var dyrking av i alt 20 planter cannabis for framstilling av hasj til eige bruk. Hovudspørsmålet var om det ut frå den situasjonen den domfelte var i, burde brukast samfunnsstraff.

Når det gjaldt kva slags straff dyrking av cannabis i utgangspunktet kvalifiserer til, la Høgsterett vurderingane i Rt. 2009 side 279 til grunn.

Lagmannsretten kom til at dei beslaglagde plantene representerte ein produksjonskapasitet på minst 1,6 kilo ferdig røykbart materiale utanom stengelen. Det var ikkje gjort nokon analyse av THC-innhaldet i beslaget. I mangel av ein slik analyse meinte Høgsterett, under tilvising til liknande saker der THC-konsentrasjonen var blitt målt, at det ikkje kunne utelukkast at cannabis dyrka innandørs i Noreg har ein lågare styrke enn normalnivået på 7 prosent som gjeld hasj frå Nord-Afrika. Usikkerheit om styrkenivået måtte komme den domfelte til gode ved straffutmålinga.

Etter ei samla skjønnsvurdering, jf. Rt. 2008 side 1585 avsnitt 13, blei det lagt til grunn at plantene kunne ha produsert ei stoffmengd av normal styrke som var mindre enn mengda i Rt. 2008 side 1737 (700 gram), der straffenivået var antyda til fengsel mellom fem og seks månader. Høgsterett tok etter dette utgangspunkt i eit straffenivå på fengsel i 120 dagar. Stoffmengda var så pass stor at det var ein viss fare for spreiing. Det var derfor ikkje aktuelt å gi reduksjon for at materialet var til eige bruk, sjølv om forklaringa til den tiltalte på dette punktet blei lagt til grunn. Tilståinga til den domfelte førte likevel til at ei eventuell vilkårslaus fengselsstraff burde setjast til 90 dagar.

Den domfelte var ein uføretrygda 35-åring med dårleg psykisk helse og eit langvarig rusproblem, men ikkje tidlegare domfelt for narkotikalovbrot. Han hadde før tingrettsdommen aldri vore i fast arbeid. Etter pågripinga hadde han vore rusfri og ikkje gjort seg skuldig i nye straffbare tilhøve. Han hadde endra livsførselen sin, teke på seg frivillig arbeid og teke opp att samlivet med den tidlegare kjærasten og den felles sonen deira.

Sjølv om allmennpreventive omsyn isolert sett kunne tilseie at det blei reagert med vilkårslaus fengselsstraff ved tilverking av narkotika av det omfanget det her trass i alt var tale om, blei reaksjonen etter ei totalvurdering ut frå individualpreventive omsyn sett til samfunnsstraff i 87 timar når det var teke omsyn til eit uthalde fridomstap på 3 dagar. Gjennomføringstida blei sett til seks månader.

Les heile avgjerda

Til toppen