Saka gjaldt straffutmåling for brot på avgifts-, skatte- og rekneskapslovgivinga

Høgsteretts dom, 01.11.2011, HR-2011-02030-A, (sak nr. 2011/1083), straffesak, anke over dom

A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta(førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Dommarar: Webster, Utgård, Øie, Bull, Tjomsland

Saka gjaldt straffutmåling for brot på avgifts-, skatte- og rekneskapslovgivinga. Spørsmålet om kva det hadde å seie at saka hadde teke lang tid, stod sentralt.

Den domfelte var funnen skuldig i å ha halde unna drygt 900 000 kroner i meirverdiavgift, i ikkje å ha ført rekneskap for å skjule unndraginga og i brot på likningslova ved ikkje å ha meldt inn drygt 2,2 millionar kroner skattepliktig inntekt. Lagmannsretten hadde komme til at straffa som utgangspunkt skulle setjast til ca. 1 år og 3 månader, men med frådrag for tilståing og for at saka var blitt gammal. Straffa blei sett til fengsel i 1 år, med 7 månader av tida på vilkår.

Spørsmålet for Høgsterett var om A burde dømmast til samfunnsstraff, subsidiært om ein større del av straffa burde vere vilkårsstraff. Det har vore ei utvikling i bruk av samfunnsstraff, men ikkje for den typen kriminalitet A var dømd for. At det hadde gått lang tid – over fire år frå saksforholdet var avklart, til det blei teke ut sikting – kunne ikkje aleine vere grunn til å gi samfunnsstraff. Derimot kom Høgsterett til at vilkårsdelen av straffa burde aukast til 10 månader.

Les heile avgjerda

Til toppen