Saka gjaldt domfelling av to brør for grov utruskap

Høgsteretts dom, 14.06.2011, HR-2011-01191-A, (sak nr. 2011/151), straffesak, anke over dom

A og B (advokat Randulf Schumann Hansen) mot Den offentlege påtalemakta statsadvokat Magne Nyborg)

Dommarar: Matheson, Akerlie, Bull, Utgård, Gjølstad

Saka gjaldt domfelling av to brør for grov utruskap. Saka reiste spørsmål om rekkjevidda av aksjelova § 19-1 jf. § 8-10 der eit eigedomsselskap som er utan kreditorar og eigne tilsette, gir lån til erverv av aksjane i selskapet. Vidare gjaldt saka spørsmålet om eit heilått dotterselskap må identifiserast med morselskapet slik at disposisjonar som er gjorde i konserntilhøve, ikkje kan straffast som utruskap. Saka gjaldt også straffutmåling.

Dei domfelte hadde gjort gjeldande at aksjelova § 8-10 ut frå formålsbetraktningar må tolkast innskrenkande, slik at eit utlån av midlar frå eit reint eigedomsselskap til erverv av aksjane i selskapet ikkje blir ramma. Høgsterett sa seg ueinig i dette. Ordninga i lova er at det berre kan gjerast unntak frå finansieringsforbodet etter § 8-10 gjennom forskrift eller enkeltvedtak. Unntaksforskrifta til § 8-10 gjaldt ikkje på handlingstidspunktet. Unntaket gjeld dessutan berre høvet til å stille garanti for lån til erverv av aksjane i selskapet. Domstolane kan ut frå formålsbetraktningar da ikkje komme til at lån frå eigedomsselskap til aksjeerverv – som kvalitativt er noko anna enn å stille garanti – ikkje er omfatta av forbodet.

Dei domfelte hadde også gjort gjeldande at ved uttak av midlar mellom konsernselskap må utruskapsføresegna i § 275 vurderast annleis enn ved transaksjonar med eit rettssubjekt utanfor konsernet. To av selskapa i konsernet var i saka blitt belasta med meir enn 3,6 millionar kroner som var selskapa uvedkommande, til fordel for morselskapet. Høgsterett slo i forlenginga av Rt. 1994 side 1002 fast at transaksjonar mellom eit dotterselskap og eit morselskap til fordel for morselskapet ikkje skal behandlast annleis enn om transaksjonen er gjord til fordel for ein privat aksjeeigar. Utruskapen var dessutan utført gjennom dokumentfalsk og ikkje som kredittytingar etter aksjelova § 8-7 tredje ledd nr. 2. Det blei uttalt at det ikkje er grunnlag for å gjere nokon annan generell grensegang mellom selskap i konserntilhøve i strafferettsleg samanheng enn den grensedraginga som blir gjort i aksjeselskapsretten. Ein såg ikkje avgjerda i Rt.1999 side 36 som eit hinder for dette.

Høgsterett kom til at straffene på eitt års fengsel – fire månader på vilkår – ikkje var for strenge, og forkasta ankane.

Les heile avgjerda

Til toppen