Saka gjelder straffutmåling for grovt heleri

Høgsteretts dom, 12.09.2011, HR-2011-01690-A, (sak nr. 2011/939), straffesak, anke over dom

A (advokat Halvard Helle) mot Den offentlige påtalemyndighet (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

A (advokat Halvard Helle) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Dommarar: Noer, Øie, Matheson, Bull, Tjomsland

Den tiltalte hadde stilt leilegheita si til disposisjon for lagring av tjuvegods. Dei gjenstandane som blei funne hos den tiltalte, stamma frå ni grove tjuveri frå bustader og eitt grovt tjuveri frå person. Til saman var han dømd for heleri av 117 gjenstandar, og lagmannsretten hadde lagt til grunn at det dreidde seg om ”verdier på flere hundre tusen kroner”. Tjuveria var utførte av fem chilenske statsborgarar utan tilknyting til Noreg.

Høgsterett uttalte at bustadinnbrot skaper stor utryggleik blant folk og kan samanliknast med integritetskrenkingar. Det er derfor viktig at straffa for heleri i samband med slike innbrot reflekterer det samfunnsskadelege i verksemda. Straffa blei – etter frådrag for tilståingsrabatt – sett til fengsel i ni månader.

Les heile avgjerda

Til toppen