Saka gjeld straffutmåling for innførsel av 5,1 kilo marihuana

Høgsteretts dom, 28.06.2011, HR-2011-01287-A, (sak nr. 2011/694), straffesak, anke over dom

A (advokat Øystein Storrvik) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Stein Vale)

Dommarar: Indreberg, Øie, Skoghøy, Stabel, Gjølstad

A er domfelt for å ha innført 5,1 kilo marihuana frå Sverige til Noreg. Stoffet blei ikkje analysert, og det kan derfor ikkje leggjast til grunn at det hadde eit særleg høgt THC-innhald. I ein slik situasjon må utgangspunktet i rettspraksis om at å ha med marihuana å gjere skal straffast litt mindre strengt enn om det hadde vore hasj, framleis gjelde. Høgsterett la til grunn at straffenivået for innførsel av ca. fem kilo marihuana er bortimot to års fengsel. Det hadde gått for lang tid før det blei teke ut tiltale.  Høgsterett kom til at ei straff av fengsel i eitt år og åtte månader, som lagmannsretten hadde fastsett, var ei høveleg straff. Anken blei derfor forkasta.

Les heile avgjerda

Til toppen