Saka gjaldt spørsmål om lagmannsretten ved avgjerda av ei straffesak om narkotikabrotsverk hadde bygd på eit riktig forsettsomgrep

Høgsteretts dom, 21.09.2011, HR-2011-01755-A, (sak nr. 2011/1038), straffesak, anke over dom

A (advokat Marius O. Dietrichson) mot Den offentlege påtalemakta(statsadvokat Irlin Irgens)

Dommarar: Tønder, Skoghøy, Øie, Normann, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmål om lagmannsretten ved avgjerda av ei straffesak om narkotikabrotsverk hadde bygd på eit riktig forsettsomgrep, og om domsgrunnane var tilstrekkelege.

Den domfelte blei teken på Svinesund med 10,67 kilo amfetamin gøymt i bilen. Han forklarte at stoffet var gøymt i bilen av ein oppdragsgivar som heldt til i Amsterdam, og at han sjølv trudde det dreidde seg om cirka fem kilo hasj.

Ved orskurden i lagretten blei han funnen skuldig i brot på straffelova § 162 første, jf. tredje ledd første punktum; det vil seie at lovbrotet gjeld eit svært betydeleg kvantum narkotika, med ei strafferamme på fengsel i 3 til 15 år.

Høgsterett fann at det var tvil om kva forsettsform lagmannsretten under straffutmålinga hadde lagt til grunn for dommen i lagmannsretten – sannsynsforsett eller dolus eventualis. Ettersom rettsutgreiinga ikkje hadde vore protokollert, var det ikkje mogleg å etterprøve om lagretten si forståing av skuldkravet hadde vore korrekt. Dommen i lagmannsretten med ankeforhandling blei derfor oppheva.

Les heile avgjerda

Til toppen