Spørsmål om straff for seksuell omgang med barn under 14 år bør falle bort på grunn av jamlikskap i alder og utvikling.

Høgsteretts dom, 08.11.2011, HR-2011-02071-A, (sak nr. 2011/1121), straffesak, anke over dom

A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlige påtalemyndighet (kst. førstestatsadvokat Guri Lenth)

Dommere: Stabel, Tønder, Arnesen, Indreberg, Matningsdal

Spørsmål om straff for seksuell omgang med barn under 14 år bør falle bort på grunn av jamlikskap i alder og utvikling. 

Den tiltalte hadde vedgått at han i perioden 2007–2009, da han var 15–16 år gammal, hadde samleie med fleire forskjellige jenter på mellom 13 og 14 år. For tingretten forklarte han at han var klar over at den seksuelle lågalderen var 16 år, men meinte at han ikkje kunne straffast sidan han og jentene var jamlike i alder og utvikling. Han viste også til at fleire av vennene hans hadde vore saman med jenter på same alder. Han blei frifunnen for fleire av tilhøva på grunn av straffritaksregelen i straffelova § 195 fjerde ledd. 

For Høgsterett var spørsmålet om straffa skulle falle bort for tre vaginale og to orale samleie med éin fornærma. Samleia førte til at den krenkte blei smitta av klamydia. Den krenkte var da 13 år og 5 månader gammal og den tiltalte 16 år og 7 månader. Aldersforskjellen mellom dei var dermed tre år og to månader, og i utgangspunktet innanfor det aldersspennet som gjer at ein kan ta i bruk føresegna. 

Generelt sa Høgsterett at eit sentralt spørsmål, utanom alderen til partane, ville vere det reelle likeverdet mellom dei ut frå både fysisk og psykisk utviklingsnivå. Det er nok så at unge menneske skal ha eit visst rom for å utforske sin eigen seksualitet utan å risikere straff, sjølv om det ikkje er kjærleik med i biletet. Men i slike tilfelle bør partane ha ei gjensidig forståing av kva som faktisk er situasjonen. Utnytting vil lett kunne oppstå der styrketilhøvet mellom partane er ulikt, ut frå alder, erfaring, modenskap eller graden av kjenslemessig tilknyting. 

I denne saka var det ikkje eit slikt likeverd. Den tiltalte hadde allereie eit etablert seksuelt mønster med fleire mindreårige jenter. Den krenkte var forelska og trudde dei var kjærastar, utan å vite om at han samtidig var saman med andre. Sjølv om samleia var frivillige frå hennar side, var ho i ein alder da ho vanskeleg kunne sjå for seg konsekvensane av å ha seksuell omgang utan bruk av prevensjon med ein gut ho ikkje kjende særleg godt. Dommen på samfunnsstraff i 180 timar blei ståande.

Les heile avgjerda

Til toppen