Fastsetjing av oppreisningserstatning til den krenkte etter ei grovt aktlaus valdtekt

Høgsteretts dom, 09.02.2012, HR-2012-00293-A, (sak nr. 2011/1693), sivil sak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot B (advokat Harald Stabell)

Dommarar: Endresen, Skoghøy, Tønder, Indreberg, Tjomsland

Saka gjaldt fastsetjing av oppreisningserstatning til den krenkte etter ei grovt aktlaus valdtekt.

Høgsterett fann at normalerstatninga for grovt aktlaus valdtekt burde justerast opp på same måte som det allereie er gjort for forsettleg valdtekt. Normalerstatninga blei på dette grunnlaget heva frå 60 000 til 90 000 kroner.

Under samleiet tok valdtektsmannen bilete av den krenkte som han seinare distribuerte til kjenningar. Dette utgjorde ei klar meirbelasting for den krenkte. Tilhøvet hadde direkte samanheng med valdtektsbrotsverket, men hadde eit så vidt sjølvstendig preg at det gav grunnlag for å tilkjenne erstatning utover normalerstatninga. Lagmannsretten hadde tilkjent 100 000 kroner i erstatning, og anken blei, i tråd med påstanden den krenkte hadde lagt ned, forkasta.

Den krenkte hadde ikkje lagt ned påstand for Høgsterett om at det offentlege skulle tilkjennast sakskostnader. Høgsterett la til grunn at det heller ikkje skulle vore gjort, idet det ikkje er heimel for å tilkjenne det offentlege sakskostnader i saker der den tiltalte leverer inn sjølvstendig anke over det sivile kravet og den krenkte har fått nemnt opp bistandsadvokat.

 Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen