Spørsmål om ein meirverdiavgiftspliktig næringsdrivande kan krevje frådrag for inngåande meirverdiavgift på kostnader til oppføring av ein tomannsbustad

Høgsteretts dom, 15.03.2012, HR-2012-00578-A, (sak nr. 2011/1595), sivil sak, anke over dom

Elkjøp Norge AS (advokat Per Oskar Tobiassen) mot staten v/Skatt øst (advokat Ole Kristian Rigland)

Dommarar: Skoghøy, Noer, Bårdsen, Bergsjø, Tjomsland

Saka gjaldt spørsmål om ein meirverdiavgiftspliktig næringsdrivande ved avgiftsoppgjeret med staten kan krevje frådrag for inngåande meirverdiavgift på kostnader til oppføring av ein tomannsbustad som var blitt ytt som vederlag for erverv av tomt til ein forretningsbygning.

Elkjøp Norge AS (Elkjøp), som driv landsomfattande handel med elektriske hushaldningsartiklar og forbrukarelektronikk, oppførte i 2006–2008 ein ny forretningsbygning i Solheimveien 10 i Lørenskog. For å få stor nok tomt måtte selskapet erverve naboeigedommen, Solheimveien 20, der det var ein tomannsbustad frå før. Eigarane av tomannsbustaden gjekk med på å overdra Solheimveien 20 til Elkjøp mot at selskapet oppførte ein ny tomannsbustad for dei på ei tomt som Elkjøp hadde erverva tidlegare. Dei to eigedommane blei bytte mot kvarandre, og spørsmålet i saka var om Elkjøp hadde frådragsrett for inngåande avgift på kostnadene til oppføring av den nye tomannsbustaden, jf. meirverdiavgiftslova § 21 første ledd første punktum.

Høgsterett kom under dissens (3 mot 2) til at selskapet hadde frådragsrett. Begge fraksjonane viste til at omsetning av fast eigedom er avgiftsfri, og at byte er omfatta av omsetningsomgrepet, jf. meirverdiavgiftslova § 5 a og § 3 nr. 3.

Under tilvising til tidlegare praksis la fleirtalet til grunn at frådragsretten var avhengig av om anskaffinga av ny tomannsbustad var relevant for og hadde tilstrekkeleg nær og naturleg tilknyting til Elkjøps handelsverksemd. Slik fleirtalet såg det, kunne bytet av eigedom ikkje reknast som eiga avgiftsfri verksemd, da oppføringa av tomannsbustaden ikkje hadde nokon eigenverdi for Elkjøp, men berre var eit middel for å få stor nok tomt til å oppføre ein ny forretningsbygning. Fleirtalet meinte at kostnadene til oppføring av tomannsbustaden da var relevant for og hadde tilstrekkeleg nær og naturleg tilknyting til Elkjøps handelsverksemd til å gi frådragsrett.

Mindretalet – Noer og Tjomsland – kom til at Elkjøp ikkje kunne ha frådragsrett, da tomannsbustaden blei anskaffa og nytta som betalingsmiddel for erverv av annan fast eigedom. Ved omsetning – mellom anna byte – av fast eigedom skal det ikkje bereknast utgåande avgift, men ein skal heller ikkje ha frådrag for inngåande avgift. Mindretalet meinte at den næringsdrivande ved anskaffingar til omsetning utanfor avgiftsområdet måtte reknast som sluttbrukar. 

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen