Lovbruk og straffutmåling ved grovt kreditorsvik og grov kvitvasking av utbytte frå eigne straffbare handlingar

Høgsteretts dom, 23.02.2012, HR-2012-00409-A, (sak nr. 2011/2111), straffesak, anke over dom

A (advokat Halvard helle) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Henrik Horn)

Høgsterettsdom, 23.02.2012, HR-2012-00409-A, (sak nr. 2011/2111), straffesak, anke over dom

A (advokat Halvard Helle) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Henrik Horn)

Dommarar: Bårdsen, Arnesen, Noer, Skoghøy, Schei

Saka gjaldt lovbruk og straffutmåling ved grovt kreditorsvik på 2,8 millionar kroner, og grov kvitvasking av utbytte frå eigne straffbare handlingar – det siste blir gjerne kalla grov sjølvvasking.

Ein næringsdrivande hadde gjennom ei rekkje år heilt late vere å melde inn inntekter, og hadde på dette grunnlaget fått fastsett 30 prosent tilleggsskatt etter reglane i likningslova kapittel 10. Det viste seg at han i ein seksårsperiode frå 2003 hadde sørgt for å få overført næringsinntektene direkte til ektefellen sine bankkonti. Han var i denne perioden insolvent. I 2010 blei det teke ut tiltale for grovt kreditorsvik, grov sjølvvasking, trygdebedrageri og manglande rekneskapsførsel. Tiltalen omfatta ikkje skattesvik, ettersom dette tilhøvet allereie var møtt med vedtak om tilleggsskatt, jf. Den europeiske menneskerettskonvensjonen protokoll 7 artikkel 4.

Høgsterett slo fast at føresegna om sjølvvasking i straffelova § 317 andre ledd berre skal brukast saman med andre straffebod (konkurrens) dersom ein med det rammar andre sider av det straffbare tilhøvet enn det som allereie blir fanga opp av primærstraffebodet. Når sjølvvaskingshandlinga og primærbrotsverket utgjer den same faktiske handlinga, er det ikkje rom for å felle også for sjølvvasking. Det blei vidare slått fast at føresegna om sjølvvasking – i motsetning til føresegna om kvitvasking i § 317 første ledd – ikkje rammar sikringshandlingar som i tid kjem før primærlovbrotet. I denne saka var det derfor ikkje grunnlag for å dømme for sjølvvasking verken i tilknyting til kreditorsviket eller til skattesviket.

Straffa for det grove kreditorsviket, trygdebedrageriet og den manglande rekneskapsførselen blei sett til fengsel i eitt år og åtte månader. Det var da også teke noko omsyn til at den domfelte på livstid var frådømd retten til å drive eiga næringsverksemd. 

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen