Straffutmåling for å ha med 210 tablettar Rivotril å gjere

Høgsteretts dom, 27.08.2012, HR-2012-01676-A, (sak nr. 2012/741), straffesak, anke over dom

A (advokat Halvard Helle) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarar: Stabel, Endresen, Bergsjø, Webster, Gjølstad

Saka gjaldt straffutmåling for å ha med 210 tablettar Rivotril (klonazepam) å gjere.

A var, i tillegg til nokre mindre tilhøve utan betydning i saka, dømd for å ha med i alt 210 2 mg-tablettar Rivotril å gjere. Det meste var til eige bruk, men 5 tablettar var selde og 18–20 forsøkt selde til finansiering av eige misbruk.

Rivotril inneheld klonazepam. Einaste godkjende bruk i Noreg av klonazepam er ved epilepsi. Ifølgje den sakkunnige for Høgsterett aukar risikoen for overdosering ved den høgaste tablettstyrken, som er 2 mg, særleg kombinert med andre dempande stoff som heroin, alkohol eller GHB. Ein rusdose klonazepam er berekna til 1,5 mg – det same som ein rusdose flunitrazepam (Rohypnol). Den sakkunnige valde å samanlikne med Rohypnol. Hasj var etter hennar syn mindre eigna som samanlikningsgrunnlag, på grunn av varierande og stadig sterkare styrkegrad.

Høgsterett følgde tilrådinga frå den sakkunnige, og kom til at nivået for eit så lite parti Rivotril, som ville svare til 420 1 mg rohypnoltablettar, ikkje kunne liggje over fengsel i 90 dagar. Etter ei konkret vurdering, der mellom anna det at A hadde tilstått utan atterhald, blei rekna med, blei straffa sett til fengsel i 65 dagar.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen