Straffutmåling for lekamsskading

Høgsteretts dom, 06.09.2012, HR-2012-01726-A, (sak nr. 2012/735), straffesak, anke over dom

A (advokat Odd Rune Torstrup) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Asbjørn Eritsland)

Dommarar: Stabel, Noer, Webster, Tjomsland, Schei

Saka gjaldt straffutmåling for lekamsskading.

A gjekk, etter ein avslutta krangel med ein drosjesjåfør om prisen, tilbake til drosjen og gav sjåføren eit kraftig knyttneveslag midt i ansiktet. Sjåføren fekk eit mindre brot på nasebeinet og blei sjukmeld i 18 dagar. Lagmannsretten dømde A etter straffelova § 229 andre straffalternativ – skade som har til følgje sjukdom eller arbeidsudyktigheit i meir enn to veker.

Sidan lagmannsretten ikkje hadde drøfta om A kunne ha innsett at sjukmeldingstida ville bli på over to veker, nedsubsumerte Høgsterett tilhøvet til § 229 første straffalternativ – skade på lekam eller helse. Handlinga låg likevel ikkje i nedre sjikt av det som blir rekna som lekamsskading. Slaget førte til hovudpine, smerter og søvnvanskar og ein varig – om enn liten – naseskade. Det var skjerpande at handlinga skjedde i det offentlege rom og overfor ein drosjesjåfør, som har eit yrke der ein er særleg utsett for valdshandlingar av denne typen. Straffa blei sett til fengsel i fem månader.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen