Utmåling av forvaringstid etter at den domfelte under soning av ein drapsdom på ni års fengsel blei dømd for forsøk på drap

Høgsteretts dom 28.06.2012, HR-2012-01339-A, (sak nr. 2012/437), straffesak, anke over dom

A (advokat Anders Brosveet) mot Den offentlige påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarar: Bull, Falkanger, Endresen, Matheson, Øie

Saka gjaldt utmålinga av forvaringstid etter at den domfelte under soninga av ein drapsdom på ni års fengsel blei dømd for forsøk på drap. Spørsmålet var særleg om det ved utmålinga av tidsramma og minstetida for forvaring kan takast omsyn til det som står att å sone av den førre dommen.

Straffelova § 39 e tredje ledd fastset at "[t]idligere idømt fengselsstraff faller bort når forvaring idømmes". Høgsterett kom til at dette ikkje er til hinder for å ta omsyn til den usona delen av straffa når minstetida og tidsramma blir fastsette. Det blei mellom anna vist til Stortinget sin føresetnad om at den som blir dømd til forvaring, ikkje skal komme betre ut enn den som får ei tidsbestemt fengselsstraff.

Høgsterett slutta seg vidare til lagmannsretten sitt utgangspunkt om at drapsforsøket i dette tilfellet isolert sett ville ha gitt ei fengselsstraff på opp mot sju års fengsel.

I dommen er det også utsegner om korleis den nærmare berekninga av minstetida skal skje i eit tilfelle som dette.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen