Utmåling av straff for å køyre bil i påverka tilstand

Høgsteretts dom, 22.08.2012, HR-2012-01646-A, (sak nr. 2012/721), straffesak, anke over dom

A (advokat Bendik Falch-Koslung) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Nina Harboe Jensen Søndersrød)

Dommarar: Normann, Tjomsland, Indreberg, Noer, Schei

Saka gjaldt utmåling av straff for å køyre bil i påverka tilstand og reiste spørsmål om ein vanskeleg omsorgssituasjon og omsynet til barnet til den domfelte burde føre til at straffa blei gjord til vilkårsstraff.

Den domfelte hadde køyrt i tettbygd strøk med ein promille på 1,68 og var i tingretten og lagmannsretten dømd til 14 dagars fengsel, bot og tap av førarrett. Isolert var det klart at fengselsstraff utan vilkår og bot var den riktige reaksjonen. Spørsmålet var om den spesielle omsorgssituasjonen og omsynet til barnet innebar at dette utgangspunktet kunne fråvikast. Høgsterett viste til at det skal svært sterke grunnar til for å fråvike utgangspunktet om fengsel utan vilkår, men at det i rettspraksis er eksempel på at det er reagert med fengsel på vilkår eller samfunnsstraff der soning ville få langt alvorlegare følgjer enn det som er vanleg, jf. mellom anna Rt. 2004 side 1440 med vidare tilvisingar til rettspraksis.

Den domfelte hadde eineansvaret for eit prematurt barn med særlege omsorgsbehov. Sjølv om ein måtte gå ut frå at dette var tidsavgrensa, var det så pass langvarig at Høgsterett ikkje fann det riktig å vise den nærmare vurderinga av omsorgsspørsmålet til soningstidspunktet.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen